Gå til innhald

Nytt nyttår…

januar 1, 2006

Den fredelege nyttårsfeiringa eg hadde lagt opp til vart kjempefin. Kjærasten min, eg og Sunniva var på besøk hos naboen. Dei er medlemmar i ei frikyrkje og hadde invitert seks ungdommar frå Columbia til å feira i lag med oss. Desse seks er i begynnelsen av tjue åra og skal vera i Norge i atten månadar tilknytta misjonskyrkja. Dei skal og reisa rundt på skular for å synga, dansa, spela musikk og fortelja om Columbia.

Dei fekk låna ein gitar, og me oppdaga fort at det swingar nokså mykje meir av columbianske julesongar enn av dei norske. Eg sat lenge og snakka med ein vakker ung mann på 22 år. Når eg sjølv har ein son på nitten, så kitla det liksom litt i morshjarta mitt å høyra om korleis det kjendest å ha vore eit halvt år i eit land langt mot nord langt borte frå alle sine…Fleire av ungdomane kom frå byen Bogota som har meir enn dobbelt så mange innbyggjarar som i Norge. Alle hadde budd i det som for oss er veldig store byar.

Ein av dei tinga dei sakna her var menneske, liv og røre. Det er så tomt i gatene her i den vesle byen som for dei sikkert fortonar seg som ei utmark i verdas ytterste avkrok. Dei var vane med at både på julafta og på nyttårsafta var folk ute i gatene og song og dansa. Dei hadde nok kjend litt på heimlengten alle saman, men bedyra at det var veldig interessant å vera her… Dei sette pris på at vertskapet hadde laga meksikansk mat så dei slapp å prøva å setja pris på komler, pinnekjøt eller fiskebollar…

Stakkars Sunniva fann ikkje heilt roa. Ho var så redd for at kattane skulle bli skremde av den stadige oppskytinga av fyrverkeri, så ho sprang i pendeltrafikk mellom vårt hus og naboen sitt. Innimellom sat ho i fanget på meg eller faren sin. Ikkje ofte ho er aleine på fest med oss to. Halvard hadde sjarmert seg til å feira i lag med familien til ein av kameratane sine, og var storfornøgd og opprømt då me henta han litt over midnatt.

Ingrid ringde til mi overrasking litt over halv tolv med beskjed om at ho og Oddvar gjerne ville hentast på Orre. Ho hadde fått nok av festlivet og ville heller heim til mor enn å stå midt i ei ikkje heilt edru forsamling der det skulle skytast opp kilovis med fyrverkeri.

Det var vakkert og uverkeleg å setja seg i bilen og kjøra ut mot havet i den kalde mørke natta under eit regn av nyttårsrakettar medan radioen fora meg med klassisk musikk. Det var som å vera midt i ein eller annan film.

Ingrid og Oddvar var godt til mote då eg henta dei. Klokka slo tolv medan me kjørde heim under eit endå meir intenst fyrverkeri. Vel heime var det tid for nyttårsklemmar, og for å henta Halvard. Me tok bilen kjærasten min og eg, for det var så sur vind ute. Me passerte venner langs vegen, stansa, opna bildøra og fekk iskalde klemmar.

Vel heime var det framleis tidleg til å vera nyårsnatta, men stille og godt. Det var godt å gå stille ut av eit intenst og hektisk år. I dag har eg skrive teater mest heile dagen, og er godt nøgd med dagsverket så langt. Snart skal me til gode vener og eta nyårsmiddag.

Og nå ventar det oss blanke ark og fargestifter tel…
I alle fall kan det vera sjarmerande å tru det…

Heidi

From → Uncategorized

11 kommentarar
  1. May Brit permalink

    Så uendelig sanselig og herlig.
    Det slår meg at når eg les det du skriv – er det som eg opplever det same…

  2. Heidi: permalink

    Tusen takk, May Brit. det vart eg glad for å høyra. 🙂

  3. Skylla permalink

    Jo, jag får väl tänka på de nya arken och kritorna och hoppas att jag får en dag imorgon då jag kan rätta till allt som blivit fel. Men hur rättar man till 42 år?

  4. Heidi: permalink

    Skylla:
    Kanskje lurt å først fokusera positivt på dagen i dag og dei tusenvis av dagane som skal koma og så vil feila frå i går koma i eit litt venlegare lys etterkvart?

  5. Heidi: permalink

    PS:
    Nå høyrdest eg veeeeldig belærande ut…
    Kanskje eg er yrkesskada. 🙂

  6. Hilde permalink

    Godt nyttår og takk for dei vakre tekstane i år 2005.
    Mvh ein trufast lesar

  7. Heidi: permalink

    Tusen takk, Hilde.

  8. Signe permalink

    Heidi! Du blir aldri Yrkesskada! Jeg vet at du har gode kollegar, Særlig en som nesten alltid er i Hælane på seg som kommer til å si i fra i God tid før du er blitt yrkesskade! Hørtes ut som du har hatt en kosleig og fredfull nyttårsfeiring! SAvner deg ! Stor klem fra Meg!

  9. Heidi: permalink

    Takk for julehelsinga Signe. Eg saknar deg og. 🙂

  10. Synneva permalink

    Ja, me er nok fleire som kan seia ifrå dersom yrkesskadene melder seg! Vil gjerne ha slike meldingar sjølv og frå deg. Stor klem.

  11. Heidi: permalink

    Stor klem tilbake. Nå skal eg snaaart skriva meir her…

Legg att svar til Skylla Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: