Gå til innhald

Øsende regn, pøsende regn…

august 30, 2009

Regn , regn, regn, regn, regn,

deilig og vått, deilig og rått

Tikk, takk vi drypper på tak,

sikk, sakk det regner i dag…

skreiv gamle Sigbjørn Obstfelder for veldig mange år sidan. I går var me på ein liten regnversekspedisjon i heimbyen til mannen som skiftesvis hoppa i sølepyttar, og skiftesvis meinte han var på feil klode. Kjærasten og eg hadde bestemt oss for ein frilørdag inne i byen.

Under store paraplyar hadde me det ganske bra medan regnet spruta. Det er deilig å vandra gatelangs og kikka på folk. Etter ei stund havna me på Foodstory, der dei sel heilt fantastisk mat til relativt høge prisar. Tallerknane med mat på ser ut som små kunstverk, og slik smakar det og. Etterpå drakk me kaffi og las aviser, før me vandra vidare. Me kunne ha kjøpt med oss små gourmetartiklar som svensk lingomsenap eller honningmarinerte valnøtter, men det gjorde me ikkje.

Sidan me var i det spontane hjørnet, avla me små visittar medbrakt takkekort frå Halvard sin konfirmasjon. Det vart kaffi, kjeks, sjokolade og ein koseleg prat i sofaen til Heidi og Per Inge, pærer og ein like koseleg prat rundt kjøkkenbordet til Anne Mette, før me avslutta runden med isvatn og tre kvarter i sofaen til Torhild og Per Magne. Det vart ein fantastisk fin dag.

Då me kom heim laga Ingrid deilig middag, og det vart ein heimekveld med dei to eldste ungdomane. Det kjennest så bra når ein kan ta seg tid til å gjera noko skikkeleg lystbetont i løpet av helga. Litt for ofte blir det bare tid til alle må-tinga, og så er helga over. Me må bli flinkare til å nyta fridagane. Sjølv om prisen på det heile er eit delvis uvaska hus.

Nå har eg hatt ein fin sundag og med sundagsskule, dokketeater og ein svipp innom jobb. Nå håpar eg at eg ikkje må leita alt for lenge etter dei forlagde brillene mine før eg kan gå og leggja meg.

Heidi

4 kommentarar
  1. Petra permalink

    Nå, fann du dem? 🙂

    Här är det dessvärre ostädat nästan jämt, alldeles oavsett om vi gjort trevliga utflykter eller inte.

  2. emma permalink

    Fantastisk laurdag. Skal vi prøve¨å få med oss Jesus Christ superstar når du kjem?

  3. Heidi permalink

    Ja, eg fann brillene mine til slutt, men måtte ha litt hjelp. Det upraktiske i det å ikkje finna brillene er at det er så vanskeleg å leita utan briller…

  4. heidi permalink

    Å ja! Det hadde vore veldig kjekt 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: