Gå til innhald

September rørde ved meg.

oktober 4, 2009

Og så vart det oktober.  Dagane kjem og går i lange rekkjer. Den veka oktober kom tilbake var me på leirskule. Tidleg måndag morgon samla me spende ungar med store ryggsekkjer og koffertar og sette dei inn i bussen. Der sat me tett i tett. Ikkje eit sete var ledig, og forventningane vibrerte medan me kjørde sørover. Me skulle ikkje kjøra så langt før det slutta å regna. Ute var det vakker septembernatur, og inne var det høg stemning. Me fekk dei vel fram. Det mest dramatiske som skjedde var at ein av dei kasta opp på golvet i midtgangen, men såpass må ein rekna med.

Vel framme vart me plasserte i hytter og på internatrom, og karbonadar med potetstappe vart servert i matsalen. Me var der saman om noko som ikkje var skule, og etter maten var det utdeling av redningsvestar og padleårer, og så var det ut i elva. Det var masse vind og mykje straum, så kanoane var vanskelege å styra. Eg kjende meg ikkje spesielt høg i hatten, dette var utfordring i største laget for både vaksne og ungar, men det er kjekt å bli utfordra, og klara utfordringa…. Som sikkert ikkje var spesielt stor eigentleg, for dei av oss som måtte vera konforme med elvepadling.

Dagen etter skulle me på langtur. Nå var det heldigvis mindre vind, og i tillegg strålande sol. Litt skummelt var det likevel at eg som vaksen skulle vera ansvarleg for to av elevane i straumane nedover elva, men eg reknar jo med at desse som driv leirskule på heiltid veit kva dei gjer. Me hadde heile tida fylgje av to motoriserte vaktbåtar.

Av og til trur eg at norsk skule ville ha forskrekka lærarar i land der ein har større respekt for naturkrefter og mogleg ventande lungebetennelse. Etter ein langtur i kano skifta ganske mange av elevane til badetøy og hoppa uti det iskalde elvevatnet som haldt maks ti-tolv grader. På land var det såpass kaldt at dei lærarane som haldt vakt stod der i fjellstølar og med ullgenser og ullundertøy under friluftsdressane sine. Ungane bada lenge. Dei symde ut til ei lita flåte med vannsklie. Me høyrde bare hyla kvar gong dei hoppa uti.

Og ein blir kjend med både elevar, kolleger og medfylgjande foreldre på ein annan måte når ein er i lag med dei 24 timar i døgnet. Ein deler opplevingar, måltidsfellesskap og husvere sånn omtrent utan pause. Etter å ha tørka snørr og tårer om kveldane og hatt lange samtalar på sengekanten med raus utdeling av godnattklemmar, sat me vaksne saman og drakk gloheit kaffi og åt usunne kaker, før me og kraup opp i køysengene der soveposane venta. Klokka halv åtte vart me vekte av kubjøller på gangen, før det var samling rundt flaggstanga med avsynging av nasjonalsong.

Det var rafting og hopping ut i elva frå ein høg fjellknaus med våtdrakt og redningsvest på, det var hogging av bergkrystall og andre steinar frå fjellveggen i ei mineralgruve, og om kvelden i mørket hadde me vannsklie med kaldt vatn og såpeskum ned langs ei skråning. Ein av gutane som er ny her i landet spurde vantru? Men kor skal me bada? Det er jo kaldt og mørkt ute, og det var det…

Då me kom heim fem dagar seinare var me trøytte, slitne og glade. Foreldra venta på parkeringsplassen, og det var mission completed. Leirskulen vart ei veldig fin oppleving. Og nokre av foreldra kunne melda at barnet deira ville ha reist tilbake på flekken om det hadde fått sjansen til det.

Nå er det andre dagen heime. Eg har akkurat kjørt kjærasten min til flyet. Han skal vera i Costa Rica i seks veker, og eg skal bestyra eit hus fullt av ungdomar. Det skal nok gå bra det. Då eg kjørte han lysna det av dag. Sunniva ville vekkast for å vera med og vinka til far sin. Den første hauststormen har vore innom. Mange tre har fått blada sine brutalt rivne av før dei rakk å bli haustfarga. Langs sjøen piska sanden mot bilvinduet, og nokre stadar kjørde me gjennom store vassfloer så spruten stod mot biltaket. Kanskje eg må innsjå at nå heiter det haust og ikkje seinsommar… Men hausten er ei fin tid, og nå skal eg ha haustferie. Eg skal bare skriva eit skodespel eller to og ferdigmekka eit par årsplanar.

Velkomen til oktobersundagen. Eg er klar.

Heidi

 

From → Reiser

4 kommentarar
  1. Leif permalink

    Muy bien, mi cielo y mi corazon

  2. Heidi permalink

    Gracias.

  3. Kesia permalink

    Når eg les tekstane dine, renn tårene!

  4. Heidi permalink

    Får håpa det er gode tårer-

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: