Gå til innhald

Læra av katten-

oktober 8, 2009

Ein av elevane mine sa: «Me må bara gjær sånn så katten, han tæge sats, og så høppe an…»  Dette står for meg som veldig kloke ord. Ofte stansar det i satsfasen… Eg treng av og til å fortelja meg sjølv at «Dæ æ bara å gjæra dæ»-

Sånn som nå for eksempel… Nå må eg gå ned og rydda og pakka, for i morgon skal eg på Oslo- toget. Eg har ferie. I går fekk eg gjort ein solid skrivejobb og gått ein tur i høljeregn… Flott…

I dag har eg vore trøytt og susete og fått gjort mange ting, men ikkje dei tinga eg hadde planlagd. Dei må eg gjera nå, før natta går mot ny dag og eg ikkje har hatt tid til å sova.

I dag vart eg oppringd av ei overentusiastisk dame som tilbydde meg ei gratis treningsveke på helsestudio. Eg avtalte å møta henne for omvisning, men veit verkeleg ikkje om treningsstudio er tingen for meg. Me får sjå…

Halvard har endeleg vore hos optikar. Han hadde minus 1.75 på begge augene, og treng verkeleg synskorreksjon. I neste veke skal han prøva ut kontaktlinser.

Nei, nå må eg ned og rydda. Ta sats for det i alle fall. Sjølv om det er mykje kjekkare å skriva.

Heidi

5 kommentarar
  1. Kesia permalink

    Det høver svært godt for meg i kveld, for eg har faktisk hoppa i det og sagt farvel til mitt jobb…. Han var slett ikkje dum, den eleven din! Synd me vaksne brukar så lang tid før me vågar å hoppa! Katten har knapt ein tanke i hovudet før han set utfor…. Lukka te med morgondagen! Gler meg til alt du skal skriva om togtur med komplikasjonar, om ei ljos helg i Tigerstaden!!!

  2. Kesia permalink

    Bileta dine er vakre!!! Det må berre vera frå ei av Jærstrendene!

  3. heidi permalink

    Så flott Kesia. Eg sikker på at du gjorde det rette. 🙂
    Tekstar frå turen kjem.
    Ja, Orrestranda 🙂

  4. Torhild permalink

    Kjæraste Heidi!Eg berre undrast….tek fjesboka all merksemd?? Saknar deg på Andedrakt…..Elles er eg klar for å gjera noko saman snart….:)

  5. Heidi permalink

    Torhild: Nei det er vel andre ting enn fjesboka som har teke mest tid,
    har planar om å oppdatera her veldig snart. Veldig klar eg og!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: