Gå til innhald

Fredag i Bærum

oktober 15, 2009

Me startar dagen med lang frokost og nydeleg film om «Matheo og korguttene». Så pakkar me hunden i bilen og dreg til Fornebo for å gå tur. Den gamle flyplassen er ikkje til å kjenna att. Det er laga turstier der det ein gong var rullesteinar, det finst utkikkstårn for fuglekikkarar og brygge og stupebrett for dei som måtte ynskja det. For ein som kjem frå ein plass der det har regna i vekesvis, er den kalde klare haustlufta og dei fine haustfargene på trea ei openbaring.

Etter ein herleg tur hankar me med oss tulipanar frå ein blomsterbutikk, müslibollar frå Baker Hansen, ferske fiken, marinerte oliven, fersk fetaost og masse ulike salatgrønsakar frå ein tyrkisk butikk. Alt dette tek me med oss til våre felles svigerforeldre. Me hadde prøvd å forhindra at svigermor skulle styra med mat, men ho ventar oss med nydeleg salat, grove rundstykke og reker. Dette inbyr til ein ganske lang lunsj. Svigerfar resiterer i ei passande stund tre vers av Stenka Raisin på russisk. Det er ganske imponerande i og med at mannen ikkje har lenge att før han er nitti. Ikkje det at eg eller Eva Mari kan overprøva russisken… Me får med oss reprisen på fredspristildelinga til Barack Obama, og direktesend opning av storting med trontale og høgtideleg bukking for kongen.

Fordi me ser einannan så sjeldan og har så mykje me likar å bruka dagane på, så suser damene vidare i bil så snart hunden er avlevert i heimen. Me rekk ein handlerunde og to doble cappuccinoar før me ser Julie og Julia med Meryl Streep. Det er ein koseleg film. Meryl Streep imponerer verkeleg som karakterskodespelar. I rolla som kokebokforfattaren Julia frå femtitalet framstår ho med heile sin framtoning heilt annleis enn eg har sett ho nokon gong før. Ho er rett og slett utruleg dyktig.

Dagen vert avrunda med kyllingsalat, lakriste og ein eksepsjonelt kjælen hund.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: