Gå til innhald

Røykelaks frå Sunnmøre, kaffi og heimebakte knekkebrød.

oktober 16, 2009

Dette må jo bare saman med masse eggerøre bli ein perfekt start på ein fin sundag. Ho som har bakt og kokt kaffien sit fornøgd og strikkar i sofaen og har gjort eit halvt dagsverk før eg finn det for godt å stå opp klokka halv ti. Røykelaksen, fiska av Malvin Alvestad, smakar verkeleg heilt annleis enn den eg kjøper i kjøledisken på Kiwi eller Rema. Og aldri er det så godt med kruttsterk kaffi som ein sundagsmorgon.

Veret er litt gråare i dag, men eg bestemmer meg for å la den store Romaparaplyen vera att når me skal ut. Den paraplyen har eg eigentleg aldri brukt. Eg har bare bore han med meg i tronge lokale, på tog og på bussar. Den eine gongen eg prøvde å slå han opp, viste han straks tendensar til å vrenga seg. Han er tydelegvis ikkje komstruert med tanke på vestlandsver. Me set kursen mot svigerforeldrehuset og går over kyrkjegarden. Inne i kyrkja er folk frå Haslum samla til høgmesse. Høglydt banning høyrest frå to tydeleg rusa personar som prøver å få blomane på plass framfor ei gravstøtte. Eg tek meg i å lura på om dei er der for å minnast ein kompis som døydde av overdose, eller om det er ei foreldregrav. Ofte susar historiene inn i hodet mitt på fire kanalar samstundes. Er det rart at ein stakkar klarer å gløyma ei veske eller kjem ut for å mista ein paraply i ny og ne?

Hausten er den einaste grunnen til at ein av og til kunne få lyst til å flytta til austlandet. For meg som er ekte vestlending er hausten synonymt med vertikalt regn i store mengdar og hauststormar som riv i hus og tre. Ein gong vart skulen min stengd fordi skulestyraren ikkje fann det forsvarleg å senda ungar ut i slikt ver. Det regna både tre og takpanner den dagen. Dette var før nokon hadde kome på at skulane kunne trenga kontorpersonale, og eg meiner bestemt at det var skulestyraren sjølv som ringde foreldra mine for å avlysa skuledagen… Då eg flytta heimefrå oppdaga eg at hausten kunne vera lange rekkjer av klare solfylte dagar med skarp haustluft og fargesprakande tre som får lov til å behalda blada sine. Heime fyk dei av i første stormen, og det betyr at haustblada såvidt finst før dei er borte att. Men så skal det og seiast at under dei seks haustane eg budde heimefrå, så gjekk eg og lengta etter ein skikkeleg storm.

Svigermor venta oss med ein stabel nysteikte vafler, meierismør, brunost og syltetøy. Utanfor huset stod epletreet og viste fram dei raude eplene sine, og haustastersen strekte seg mot himmelen. Me fekk nokre trivelege timar saman før Henrik og Eva Mari fekk meg trygt på toget med alle vesker, ryggsekker og paraplyar med på lasset. I tillegg hadde Eva Mari fylt ein boks med eggerøre og laks, og ein pose med heimebakte knekkebrød.

Eg kom nesten gjennom dei ca nihundre sidene i Shantaram i løpet av togturen, og når eg kom heim måtte eg bare få vita korleis det gjekk. I tillegg måtte eg bare førebu neste skuledag og gjera ein heil del andre ting før eg kunne legga meg. Sidan eg ikkje var heime før elleve så vart det ei kort natt. Eg skulle hatt ei «kone» som steller huset mitt og ei «mor» som sender meg i seng om kveldane…

Heidi

From → Reiser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: