Sundag første november.
Sundagen har vore god, og eigentleg skal eg ikkje skriva her, men gå og legga meg…
Dagen starta tidleg nok til at eg etter å ha gjort klar det hemmelege skrinet hadde tid til ei surfeøkt om profeten Elia. Eg likar å vita mest mogleg frå flest mogleg vinklingar når eg skal fortelja bibelhistorier for barn. I forkant er det alltid travelt å tenkja på at eg skal ha sundagsskule, men det opplevest fint og meiningsfullt å gjera det. Eg liker å fortelja, og liker å vera saman med barn, og så kjennest det fint å få fortelja noko som har meining for meg sjølv. Møtte meg på ein måte i ei gammal døropning då eg fortalde om Elia som sat ute i øydemarka og fekk mat av ravnane. Då eg var på alder med døtrene mine og ein smule dramatisk anlagd, såg eg for meg at eg plutseleg kunne få eit gudegitt kall til å gjera noko eg absolutt ikkje ville, og billedleg sett bli mata av ravnar som kom med halvbederva kjøt ut i øydemarka. Nå tenkjer eg på ein heilt annan måte om det å vera kalla til noko. Det er med stor glede eg viser barna Martin Lönnebo sin kristuskrans med gullperla som symboliserer Gud.
I går hadde eg og Ingrid ein roleg kveld på besøk hos foreldra mine. Der sat me tre generasjonar og åt pepperbiff med fløtegratinerte poteter medan dei andre barna mine var på diverse halloweenfestar, og kjærasten min symde i havet ein stad i latinamerika og var seks timar bak ossi tid. Han ringde i det eg kjørte inn i gata vår, og me fekk veksla nokre setningar, men det var dårleg telefonforbindelse, så me vart avbrotne fleire gonger. Framleis er det to veker til han kjem heim, men tida flyt veldig fort for tida. Då han reiste for to veker sidan, kjendest det som eit hav av tid, nå ser eg enden på skismaet.
Etter kyrkjekaffi og eit par gode klemmar havna eg på jobb i to-tre timar. Eg ville helst ha vore lenger, men då hadde eg ein middagsavtale med ungane som gjekk ut på at eg skulle plukka opp ferdig mat på kinarestauranten som Ingrid hadde bestilt på telefon.
Kvelden blei brukt til å besøka Jan Ivar og Hedvig. Eigentleg hadde me planlagd ei skikkeleg jobbeøkt, men me var avhengige av internettilkopling som viste seg å ikkje fungera. Me vart liggande på kvar vår sofa og sjå på filmen «The queen» som eg hadde sett før, men absolutt kunne sjå om igjen, medan me drakk kaffi og Pepsi-max.
Då eg skulle heim var det eit skikkeleg blås-bort-ver, som det heiter i Ole Brumm. Med den grøne regncapen over ytterjakken og med skjerf i halsen, var det nummeret før eg kunne fly heim akkurat som Bestemor Skogmus. Vinden må ha vore minst storm i kasta, postkassestativa svaia, og trea flaksa med greinene sine som store svarte novemberfuglar. Det slår meg at eg er ein liten smule barnsleg som skriv begeistra om blås-bort-dagar og får nemnd Ole Brumm og Bestemor Skogmus i løpet av to setningar… Barnsleg eller yrkesskada, kanskje, men det kan for såvidt vera det same. Nå skal eg tella ungane mine, i alle fall dei to yngste, og så er det god natt, for nå er det slutt på å gå trøytt og søvnig inn i nye arbeidsveker.
Eigentleg hadde eg tenkt å blogga om korfor eg bloggar, for i går høyrde eg ein radiodiskusjon om korfor i all verda folk skriv blogg. Det får vera til eit seinare høve, det er alltid fint å ha noko å skriva om…
Litt tysk poesi. Dette diktet fekk eg i posten av tyske Regina for tjue år sidan, og i går fann eg det att. Det er eit nydeleg hausdikt, eg trur det er skrive av Rilke.
***
Herr: es ist Zeit. Der Sommer war sehr gross.
Leg deinen Schatten auf die Sonnenuhren,
und auf den Fluren lass die Winde los.
Befiehl den letzten Früchten voll zu sein,
gib ihnen noch zwei südlichere Tage,
dränge sie zur Vollendung hin und jage
die letzte Süsse in den Schweren Wein
Wie jetzt kein Haus hat, baut sich keines mehr.
Wer jetst allein ist, wird es lange bleiben,
wird wachen, lesen, lange Briefe schreibe
und wird in den Alleen hin und her
unruhig wandern, wenn die Blätter treiben.
Heidi
From → Barna mine, Gode venner., Kjærasten min, Mor og far., Natur, Poesi, Tru
Heidi, min venn…
Eg blir rikare av å få del i tankane dine. Gler meg til dine funderingar rundt det å blogga. Er nyskjerrig og forundra over fenomenet.
Dette var ei kjekk melding å få. Kanskje eg skal skriva eit innlegg med det same…