Gå til innhald

Sementrøyr og IV-tråd.

januar 29, 2010

Frifredagar smakar alltid usedvanleg godt, spesielt etter å ha jobba omtrent døgnet rundt i vekedagane forut.  I dag lot eg meg få lov til å lesa 25 sider av bok nummer tre av Knausgård. Eg måtte forlenga det til tretti, for det passa liksom ikkje å stoppa etter 25 sider. Resten skal eg sluka på toget i morgon. Eg gler meg til ein lang og deilig togtur. Me skal til Røyse og feira mi kjære venninne Torun som fyller år ein av desse dagane. Eg gler meg veldig. Me får bare håpa at me kjem oss opp til å stiga morgonfriske inn på toget før halv sju i morgontidleg, det må me nemleg om me skal rekka fram i tide, og billettane er kjøpte og betalte.

Me kunne ha reist i dag, men i dag foregår det nokoeg ikkje ville gå glipp av for at i verda. Sunniva og Vilde er med på ei stor forestilling på kulturhuset som har premiere i dag.  Groovy, heiter forestillinga, og er eit forrykande besøk i hippietida med masse dans, sang og musikk. Det veit eg fordi eg sneik meg inn på generaprøva på onsdag og vart heilt trollbunden. Nå stiller me med fotoapparat og stolte foreldrehjarte.

Dei tretti sidene eg las i dag, fekk mange tankar i gang i hovudet litt. Knausgård seier at han har heilt minimalt med minne frå før han fylte seks år. Sjølv meiner eg at eg hugsar veldig mykje frå dei første seks åra mine. Eg begynte å lura på, kor mykje eg eigentleg hugsar. Eg vart trigga til å prøva å plukka fram mine eigne minne. Kanskje eg urde henta dei fram, skriva dei ned, og ta vare på dei. Leita meg fram gjennom sansar og hukommelse og sjå kor mykje som eigentleg ligg der om ein samlar det saman… Er det arbeidet verd for meg sjølv eller andre? Vil eg forstå meg sjølv og tida eg vaks opp i betre? Vil eg kunna bruka det til noko?

Litt før eg fylde seks år, flytta me frå besteforeldra mine til eit byggefelt i ei bygd halvanna mil frå der me hadde bygd. Plutseleg vart Knausgård sine minne svært samanfallande med mine. Han flytta og til eit byggefelt, han er rett nok 7-8 år yngre enn meg, men eg kjende mykje att. Miljøet som utviklar seg mellom vaksne og mellom barn i eit byggefelt med store flokkar av ungar på heilt same alder. Plutseleg hugsa eg veldig tydeleg lastebilane og gravemaskinane, sprenginga med dynamitt, og dei store kabelsnellene i tre, som me klatra på. Eg hugsar dei tynne ledningsstumpane, dekka av plast som me av ein eller annan grunn kalla IV tråder, eller rettare sagt ive-trådar. Eg for min del, likte å laga figurar eller såpebobleblåseredskap av dei, men eg hugsar at gutane skrelde av plastikken, og eg meiner at nokre av dei store gutane smelta metallet inni og laga små metallklumpar av det. Runde trebitar, som kanskje var avsaget rundt stikkontakten i ein vegg, kunne brukast til hjul på dokkevogner av skoøskjer der dei vart festa i botnen med lange spikar og ive-tråd.

I tillegg til dei store tresnellene, var det mange store betongrøyrer, som truleg vart grovne ned etterkvart. Nokre av dei låg stabla oppå einannan, medan andre stod. Me var formante om å vera forsiktige med desse røyra fordi dei kunne vera farlege å få over seg, men dei største røyra var ynda leikeplassar, omtrent som små hytter. Eg hugsar den skrekkblanda kjensla av at eg og Solfrid Lima sat på røyrane og snakka om døden, og at ho hadde høyrt om ei jente på vår alder som døydde og vart gravlagd i finkjolen sin. Så hugsar eg alle dei store sementreiene me fekk beskjed om å halda oss vekke frå, og at eg hadde høyrt om ei dame som hadde fått håret inni og blitt skalla på halve hovudet. Eg hugsar alle mødrene med krøllnåler i håret og chiffonskjerf i pastellfargar utanpå. Eg hugsar fedrene som hjalp einannan å grava opp hagar, og som stod og røykte i pausane medan dei lente seg mot spadene. Så hugsar eg alt snøen om  vinteren, og at folk mest måtte grava seg inn til husa sine.

For å slutta trådane, dette handlar sånn omtrent om den tida Groovy handlar om, der Sunniva skal springa barbeint rundt på scenen iført oransje sekstitallskjole. Men min  barndom byggefelt hadde svært lite som var hippieaktig med seg, det må eg erkjenna. Eg hugsar nabojenta si tante Gerd som hadde solbriller og langt hår. Ho var den første eg såg i bikini på ei solseng utanfor nabohuset. Det sjokkerte meg litt at ho viste fram navlen. Eg meinar å hugsa at ho brukte neglelakk.

Heidi

5 kommentarar
  1. Tintomara permalink

    Jag har minnen från två års ålder. Eller ett i alla fall som jag kan datera. Det var 1947! Vilken hisnande tidsresa det varit! Mina elever tror mig knappt när jag berättar om hur det var förr! 😉 Och de gjorde stora ögon när de fick se min första mobiltelefon, som ju ändå bara var fråm -94!

  2. Torhild permalink

    Stiligt, Heidi! Hugsar du betongrøyret me bruka til do?? Ikkje særleg velluktande om sommaren…..hehe!

  3. Heidi permalink

    Vurderte om eg skulle skriva om det eller ikkje…

  4. eldre dame permalink

    Billettane er bestilde og betalde, tur/retur neste helg! Gler meg til salsa og selskap! Nå er me komen i stimen, ikkje sant! Venleg helsing frå aust.

  5. heidi permalink

    Nå er me i stimen, ja! Nå vart eg kjempeglad for å oppdaga at eg kan gleda meg til å sjå deg neste helg. Kjem dokke begge?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: