Gå til innhald

Plutseleg høgsommar

juli 27, 2010

og vel så det. Dagane dreg seg langsomt mot august. Sommaren er ein tilstand. Ein tilstand av å sviva i det romslege, frodige og ikkje planlagde. Det er ein tilstand eg er svært glad i. Og kvar sommar, når kvilepulsen er på plass og dagane kjem og går som dei vil, så undrar det meg at me verkeleg orkar å ha det så travelt resten av året. Me er omstillingsdyktige. Nå skal eg inn i ein spesiell form for arbeidsår denne hausten. Eg tenkjer mykje på korleis det er klokast å innretta seg, og kva slags struktur og rutinar eg skal pålegga meg sjølv å leva etter. At eg ikkje kan tillata meg sjølv å sviva for mykje rundt utan struktur er eg nokså sikker på at eg ikkje kan ta sjansen på, for tida er dyrebar, og eg vil bruka ho best mogleg. Skal eg vera målretta å gå for heilt strukturerte prosjekt, eller skal eg ta sjansen på å la kreativiteten bobla og setja i gang med alt som dukkar opp av innfall? Me får sjå. Det kjennest som eg kunne hatt nok idear til å skriva på heiltid resten av livet, men det er eit år det dreier seg om, og framleis veit eg ikkje heilt korleis dette kjem til å bli. I alle fall synest eg at eg er kjempeheldig som får denne sjansen, og eg takkar Gud og livet for at eg skal få lov til det.

Bloggen min skal eg bruka flittig trur eg. Det er ei kjelde til å sleppa tankane fri, og ein måte å trimma dei indre skrivemusklane på. Dessuten liker eg å tenkja at det eg skriv her kanskje er ord som ein og annan kan ha glede av å plukka med seg, og ikkje minst noko eg kanskje kan bruka sjølv til eit eller anna. Eg samlar på ord og setningar på same måten som eg samlar på alt for mykje av alt mogleg. Eg er ein samlar.

Me har vore austpå hos svigerfamilien. Me har kjørt over fjellet frå vest til aust og så frå aust til vest att, og det tok fire dagar frå me reiste til me kom heim att. Som alltid ser eg på det norske med litt nye auge når eg nettopp har vore i utlandet. Det er så lyst her, og frodig, grønt, reint og kanskje ein tanke kjøleg? Naturen er fantastisk. Eg har nytt synet av masse ville revebjøller, blakskurde fjell, stadar der dei framleis hesjar høy på same måten me gjorde då eg var lita.

I dag stoppa me i Valle for å eta litt på ein kombinert bensinstasjon og gatekjøkken. Då me gjekk ut av bilen song eg frå første verset av Lillebjørn Nilsen sin song om «Valle auto og bensin.» Då eg to minutt seinare kom inn på toalettet der, hang same songen på veggen i laminert utgåve. På eit bord i kafeteriadelen låg det interiørblad og eit par bøker. Den eine heitte «Kunsten å vera snill», eller noko i den duren. Eg fekk sjølvsagt lyst til å bla i boka, og på første sida stod det skrive med kulepenn. «Værsågod å ta med boka viss du vil…» Kanskje den første eigaren hadde lært noko av å lesa ho? Eg fekk meg ikkje til å stappa boka i lomma…

Og forresten NRK P2 på radioen er med på å gjera opplevinga av å kjøra over fjellet gjennom sommaren endå sterkare.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: