Gå til innhald

Ingrid hadde oppkjøring i dag

august 4, 2010

og eg sov litt dårleg i natt. Dels fordi eg hadde lova å kjøra ho, og måtte opp klokka halv sju etter mange late morgonar, og dels fordi eg var nervøs på hennar vegne.  Etter å ha kjørt ho var eg jo oppe, og kunne like godt starta dagen. Eg var innom skulen og henta ein del saker som framleis stod i hylla mi, nå må ho gjerast klar til neste mann. Det var litt  rart å pakka seg ut og vita at «velkomen til nytt skuleår-plakaten» ikkje gjaldt meg denne gongen.

Neste post på agendaen var å demontera vidare ute på kjøkkenet vårt. Far kom ned for å hjelpa, og nå er vasken teken ut og vatnet stengd av. Under oppvaskmaskinen såg det ut som om det ikkje var vaska på veldig lenge, og det var det jo ikkje heller. Derfor gjekk eg laus på partiet med veldig sterkt og varmt Ajaxvatn. Ved veggen var det silikonfyllingar som var ved å sleppa taket. Ein av dei gav ein veldig fin «skyta med strikk- effekt»,  som resulterte i at eg fekk ein skikkeleg sprut varmt såpevatn inn på auget. Først tørka eg bare av med armen, men så vart det ganske vondt. Då eg såg i spegelen at auget var mørkeraudt begynte eg å skyla det med vatn. Eg las på flaska etterpå at om ein fekk Ajax på auget måtte ein spyla lenge med vatn, så eg fortsette å spyla. Eg var inne på tanken om eg burde ha ringt legen, men sidan synet var heilt greitt, rekna eg med at det ville gå bra.

Eg fekk melding av Ingrid at ho ville hentast, og fekk ein nokså sterk følelse av at det ikkje hadde gått bra, men heldigvis hadde ho bare til hensikt å halda meg på pinebenken. Ho hadde klart det… Så nå blir nest bekymring å tenkja på alt eini kan koma ut for når ein kjører bil utan å ha mor eller kjørelæraren på sida av seg… Men eg er veldig glad for at ho klarte det.

Torhild kom på mekke-salme-og omsetjings-besøk. Det var så fint å ha henne her, og det eg ikkje heilt fekk til aleine, løyste seg då me var to.  Pianoet med hennar musikalske fingrar på tangentane var akkurat det som trongst. Me er slett ikkje så verst i lag eg og ho… Etter nokre timars arbeid dukka Per Magne opp, og så var det grilling på verandaen med masse deilig salat for gjestene og dei som høyrer huset til. Seansen på verandaen vart avrunda med jordbær, eplekake og kaffi, og eg oppdaga at dei sure kirsebæra på treet vårt var klare for å eta.

Nå er det tidleg augustkveld, og me kokar kaffi på det nye arbeidsromet sidan kjøkkenet vårt for tida ikkje finst. Eg har kost meg med å dikta songar me skal ha med oss til Sunnmøre. Dit dreg me nemleg i morgon og me tek med oss Odd Christian og flyttelasset hans til Bergen. Den store guten min flytter altså ut att, og snart reiser Oddvar tilbake til Porsgrunn, Ingrid skal tilbake til lærarutdanninga, Halvard og Sunniva til den nye vidaregåande skulen for kreative fag. Kjærasten min skal på jobb til han dreg til Bolivia først i september. Og eg skal sitja her på det nye arbeidsromet og skriva når eg ikkje er på kveldsjobb i kulturskulen. Det skal bli så fint så. Nok ein sommarferie er over, og eit strøk av vemod blandar seg med forventning om noko nytt.

«Jeg har drømt at jeg seilte mot evigheten, og at en kveld i august var den første, besynderlig duse, kjenning av land.» Einar Skjæråsen.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: