Gå til innhald

For den som elsker er årstidene åpne dører

august 7, 2010

Mot en verden av lys

For den som elsker

er årstidene åpne dører

og du skal gå inn


Og alt du elsker

skal gro av deg

hvis du har tid og tør

elske alt som gror i deg


For du er den

som elsker og blir elsket

den som sår og blir sådd

Mot en verden av lys er ditt live

Både kimen og mørket

Stein Mehren.


Den første linja i dette diktet dukka veldig opp i hovudet mitt i dag. For årstidene er verkeleg opne dører. I dag har eg vore inne i det romet som heiter augustmånad, og er har kjent igjen luktene, lydane, lyset og roa frå alle dei andre gongene eg har vore i dette romet. Det er mange gonger etterkvart, men eg hugsa ikkje til fulle korleis det var før eg var der att.

Augustmånad er grøn og frodig blømande med klar luft og kvilepuls. For 25 år sidan var me på Hildre på Sunnmøre for å feira bryllaupet til Henrik og Eva Mari. Nå er me her att for å feira sølvbryllaupet deira. I dei 25 åra som ligg mellom, har det vore mange årstider og mange opne dører, men nå er me inne i det same året att, og foreldra hennar opnar døra for oss akkurat som dei gjorde då. Eva tok i mot oss med kaffi og surmjølkskjeks akkurat som den gongen. Staudene hennar er like eventyrleg vakre som då. Me har ete baccalao i går kveld og i dag har me fått heimefiska krabbar, heimerøykt laks og mange heimelaga salatar. Me har gått tur ute i havgapet og ete nysteikte vaflar med rømme og nyplukka blåbær utanfor sommarhuset til Henrik og Eva Mari i Søvika. Nå er det ein liten kvilepause før sjølve feiringa i eit partytelt ned mot havet. Eg har lova å vera toastmaster, og har litt sommarfuglar i magen, men det går nok bra.

Me har reist langt for å koma hit. Seks ferjer og ca tolv timars kjøring. Først fekk me avlevert Odd Christian og flyttelasset hans i Bergen og sett på det vesle krypinnet der ha skal bu, og kjøkkenet han skal dela med fire andre. Sjølv om det er fem år sidan første gong han flytta heimefrå, så er det eit streif av vemod knytta til at han flytter. Det er ikkje logisk, men slik er det. Det passa godt då eg skrudde på radioen utanfor huset hans, og Kari Bremnes song «Sorgen og gleden de vandrer tilhope».

For å bryta turen opp litt, overnatta me på hotell i Førde, før me tok fatt på den siste vestlandsetappen. Naturen oppover vestlandet er vakker. Det er så fint at ein mest blir litt trist inni seg av å sjå på det. Det høyrest ikkje logisk ut, men eg får ikkje forklart det betre akkurat nå. Eg klarte å få gjennomslag for å stoppa i Astrup-tunet. Eit tun med fleire gamle hus i ei bratt fjellside i Jølster. Det var der kunstnaren Nicolai Astrup budde i lag med den 12 år yngre kona, som gifta seg med han då ho var femten år. Der malte han og laga litografier, og der fekk dei åtte barn på femten år. Då det yngste barnet var to år, døydde han av lungebetennelse og kona fekk klara seg som best ho kunne.

Viss du ikkje veit korleis Astrup malte, bør du googla han og oppleva bileta hans. Då eg såg Jølster og etterpå bileta hans, tenkte eg, «Ja, akkurat slik er det det er.» Det høljeregna då me var i Astruptunet, så me fekk bruk for dei to store paraplyane me kjøpte oss sist me var på Ikea. Eg brukte den grøne paraplyen med store prikkar, og kjærasten min brukte den sjokkrosa. Regnet fekk fargane til å bli endå klarare og meir intense, og på tunet blømde det frodig i dei bratte bakkane. I følge eit hefte eg kjøpte med meg om diktaren, så planta han mange blomar og planter der for å kunna mala dei inn i bileta sine.

Sogn og Fjordane er eit nydeleg fylke, og det same er Møre og Romsdal. Her er me såpass mykje lenger nord enn heime, at kveldane tidleg i august er så lyse som om det skulle ha vore i juni. I kveldinga kjem det fram mange hjortar. I går kveld såg me minst tolv av dei springa langs dei grøne bakkane på oppsida av vegen opp mot dei bratte fjella. På den andre sida var havet med sein kveldssol og båtar og holmar ut mot horisonten.

Årstidene er opne dører, og me skal gå inn.

Heidi



2 kommentarar
  1. inger permalink

    Hei Heidi! Så flott at du har vore innom Astruptunet! Farfar og farmor er frå Jølster, så der har eg vore! Bakke-namnet mitt kjem frå Stardalen i Jølster 🙂 Gler meg til å treffa deg når kvardagen snart kjem og me skal møta att gamle og nye elevar og kollegaer i kulturskulen!!Årstidene er opne dører….. Så fint! – eg vil gjerne gå inn! Klem

  2. heidi permalink

    Veldig fint der. Eg og vil gå inn. Eg såg kor Stardalen var, for Oddny hadde forklart det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: