Til ettertanke for meg sjølv og andre.
Naboen borti gata
svelt i hel akkurat nå,
og dei nede i svingen
er flomramma.
Det er tørke på
den andre sida av fjellet,
og i naboblokka byggjer dei
seg atomvåpenlager.
To kvartaler unna
døyr det barn
av mangel på vaksine,
og nede på feltet
er det ein flokk
foreldrelause barn
som opererer i bande
fordi foreldra døydde av aids.
Nede i sentrum bur det ei dame
som brukar fortauet
som toalett.
Ho vart fødd
og har levd
sine seksti år like utanfor
Kiwibutikken,
tidlegare Eide Matsenter.
Eg står her og kokar middag
og lurer på om eg skal
forhalda meg til det heile.
Å lukka augene
er alltid
eit godt alternativ.
Det er det
handlingsmønsteret
eg er sosialisert til
og som regel
fungerer det ganske bra
tenkjer eg
og heller ut mjølka
som er utgått på dato.
Eg kastar kleda mine i ein sekk
fordi det ikkje har plass til fleire i skapet,
og lurer på om eg skal
legga meg uti
at alle dei
som tilhøyrer Romfolket
skal bli henta av drosjar i dag
for å bli sette ombord på ein båt
me for alt i verda ikkje
vil vita kor skal hen.
Dei er litt i tvil om
korvidt onkelen min
skal få giftsprøyte
eller bli sett i
den elektriske stolen,
og det er vel dårleg karma
som gjer
at svigerfamilien min
aldri har budd i hus
eller har fått
legebehandling når dei er sjuke.
Det seiest at ei langhåra dame
nede på byggefeltet
skal steinast klokka tre i dag.
Då må ho nok
ha gjort noko skammeleg,
tenkjer eg,
og tømmer meir chili
og kvitlauk i gryta mi.
Eg finn fram mobilen
og lurer på om
telefonnummeret til Gud
ligg inne .
Eg har nokre småting
eg skulle ha drøfta med han,
men det kan vel kanskje
venta til ein annan dag.
Eg registrerer
at det ringer hardt
og brutalt på dørklokka mi.
Eg vurderer alvorleg
om eg skal opna
eller ikkje.
Kven er det som ikkje har
forståing for
privatlivets fred?
Det kan absolutt tenkjast
at det passar
betre med besøk
ein annan dag,
tenkjer eg,
og justerer opp
nivået på mp3- spelaren.
Heidi
Wqw!!!
Tankevekkande og sterkt! Gler meg til boka kjem ut…
I går var Mariann og eg på bokmesse – det hadde du likt. Vi sat utanfor Oslo S og naut seinsumaren…i dag er det kaldt og friskt!
Emma: Ja, eg hadde likt meg på bokmesse. Var på russejubileum i går. Kjekt det og. Her regnar og regnar det. Gratulerar med dagen, forresten!