Døtrene mine.
Det er skrive mange kjærleiksdikt. Dette er eit av dei, og det er skrive nå i kveld til døtrene mine, for døtrer er verkeleg verde eit kjærleiksdikt eller to. Det er noko eige med å sjå sine eigne døtrer bli vaksne kvinner. Men det spørs om ikkje sønene mine og må få eit kjærleiksdikt ein vakker dag. Det er noko eige med å sjå sønene sine bli vaksne og. På ein eller annan merkeleg måte kjennest det som to litt ulike situasjonar. Som Ronja Røverdotter seier. Somme skulle bli Mattisar og somme skulle bli Lovisar. Ho visste godt at ho sjølv skulle bli ei Lovis… Litt sentimental må det vel vera lov å vera ein sein kveld i september når livet er i ferd med å skifta årstid?
Som to sommarfuglar
er dei
framleis nær meg
på lånt tid
eg veit
at tida snart er komen
men framleis
fyllar dei kveldane mine
med heimebakt brød
med liv og merkelege historier.
Dei ler hol i dagane mine,
og seier at dei er glade for å ha meg.
Sjølv om eg altså eg
ser ut som om eg bur i ei billedbok
og i følge dei ikkje er som normale mødrer,
langt derifrå faktisk,
men byta meg vekk vil dei likevel ikkje.
Dei sørger for at vaskemaskinen går og går
og aldri kjem til døra
og fyller huset med store stablar klede,
og tusenvis av vesker
og tome og fulle shampoflasker.
Dei som for slett ikkje lenge sidan,
sånn omtrent i går, faktisk,
la babyhovuda sine
tungt mot halssgropa mi
og lukta av mjølk og honning.
Dei som fekk på seg sko
for aller første gongen
og prøvegjekk alle golv
med bittesmå fingrar om mine.
Den eine som haldt seg nær til mor,
den andre som stakk av
så fort ho hadde sjansen,
ho ålte seg fram
mellom føtene til framande
for å få frydefulle glimt av fridom
før ho vart innhenta
av faste hender gong på gong.
Ein smal liten alv av ein unge,
og ei storesyster to steg bak
med snøkvitt hår
og med ståblikk når det trengdes,
Ei beskyttande makt
med tommelen trygt plassert
ettertenksomt mellom tennene
medan ho dirigerte den lille
så godt det kunne la seg gjera.
Nå er dei store og lange,
skiftar hårfarge når det passar
og fyller sofaen med kjærastar.
Dei gir meg varmande klemmar når det trengst
og hentar kjærleik når dei har bruk for det.
Framleis er det ein velsignande paraply
av nåde å ha dei hos meg,
å drikka kaffi på kjøkkenet
og å snakka om livet om kveldane.
Eg samlar på desse dagane,
desse vekene og månadane,
ein dag
kanskje snart,
vil dei spreia sommarfuglvengene sine
og fly.
Eg takkar for timane
for sekunda
som framleis er her.
Eg ser at dei blir vaksne
dei siste ledda til nå
i rekkene av kvinner
eg er i slekt med.
Eg undrar på kva dei får å leva.
Måtte dei vera i stand til å bera,
og i stand til å bli borne.
Måtte børene deira verta lette å bera
og måtte vengene deira
vera sterke nok.
Heidi
From → Barna mine, Poesi
lovely ❤
Å, fint!
Läsr med en tår i ögonvrån, jag som hunnit ett par kliv längre…
Min äldsta dotter har redan sett en av sina döttrar flyga ur boet och själv bli mamma. Den yngsta vill knappt kännas vid att sonen fyller 18 nästa gång och snart kommer att flyga ut han också.
Det är stora gåvor vi fått!
Tante Heidi du skrive så vakkert det er jo akkurat sånn det er.Kjempegode beskrivelse av jentene dine.
Vakkert, de er heldige som har deg som mor.
Det var vakkert sagt,alle saman. Dei har ikkje så verst far heller, kan eg betru dokke.
Sanne ord om stødige jenter – og fru Pigalopp!!
Fru Pigalopp manglar kanskje snart bare motorsykkelen…
Nydeleg avslutning…