Opna oss Gud for kjærleik
I går var eg på veldig fin salmekonsert der ein salme eg hadde laga i lag med organist/ kantor i Gand menighet, Bengt Nordbakken, vart urframførd. Det er alltid så spennande å høyra noko ein har skrive bli brukt for første gongen. Nå trur eg eg har lov til å publisera teksten her, men viss nokon gjerne vil ha melodien, må dei kontakte Bengt Nordbakken.
Opna oss Gud, for kjærleik,
Gud, du som var og er,
hjelp oss å verna livet,
Skapar, kom ver oss nær.
Opna oss for dine under.
*
Ver hos oss, Jesus Kristus,
nær oss på plaga jord.
Frels oss til mot og fridom.
Lei oss i dine spor.
Opna oss for dine under.
*
Pust på oss, Heilag Ande,
livet finst her og nå.
Fyll oss med håp og visdom,
vis oss kor me skal gå.
Opna oss for dine under
*
Opna oss Gud for livet,
gjer oss til salt og lys.
Fyll oss med mot og styrke,
her er det folk som frys.
Opna oss for dine under.
*
Opna oss til å leva,
midt i eit liv som er
levande, varmt og sårbart,
hjelp oss å vera der.
Opna oss for dine under.
Og nå må eg gjera akkurat det siste… Vera midt i livet, for her er det mykje som skal ordnast. Er litt stressa forsi eg framleis ikkje har funne mobilen min, men er open for eit lite kvardagsunder, at han plutseleg skal dukka opp, for eksempel.
Heidi
Hei mi kjære….. Å, eg lurte på å gå på den konserten,men vart heime….. Velkomen heim igjen! Gler meg til sundag og avtalen vår då!
Takk for det! Kjekt å vera heime og. Gler meg til avtalen eg og. Kikka litt etter deg påkonserten!Eg har fått ei oversetting til, som eg helst bør klara innan måndag. Kanskje du les fort gjennom ein gong når det begynner å likna på noko? Nå skal eg til Sola for å henta ein mobil som låg att i sikkerheitskontrollen sundag morgon 😀
Åh, så fint!
tusen takk, Scylla 🙂
Respons på 1.utkast ligg klar på mailen din 🙂
Tusen takk, Torhild.Djupt takknemleg.