Gå til innhald

Rørt ved

oktober 26, 2010

I dag fekk eg ei uventa kjensle av å bli rørt til langt inn i det sentimentale. Eg gjekk til biblioteket tidleg om morgonen for å ta i mot utstillinga som eg skal visa til ungdomsskuleelevar. På vegen dit passerer eg ein barneskule som ligg eit par hundre meter frå oss. Eg ser små elevar, ein del av dei tydeleg førsteklassingar, koma gåande med skulesekkane sine på ryggen. Den eine blir fulgt av mor si, han får ein klem før han går dei siste hundre metrane aleine, medan ho står og vinkar. Det er framleis ikkje heilt lyst ute, og nokre av ungane har fått på seg vinterluer. Dei kjem aleine, parvis eller i små flokkar. Dei kjem tause eller småpratande med einannan. Så ser eg skulebygningen. Han er opplyst innanfrå, og i fleire av klasseroma ser eg lærarar gå omkring og gjera klar til elevane kjem. Dei legg fram bokbunker, ark og fargeblyantar, skriv noko på tavla, eller rettar litt på ei blomsterpotte som står der. Framleis er dei aleine, men snart skal skuleklokka ringa, og klasseroma fyllast opp av ungar. Dei kjem frå kvar sine liv, med kvar sine behov og bekymringar, men alle har bruk for å bli sett og bli tekne i mot med varme og respekt.

Meir var det ikkje, men plutseleg står eg der med ein klump i halsen. Ikkje det at eg lengtar tilbake til klasseromet. Tvert om nyt eg i fulle drag den uvande fridomen i det å kunna bruka dagane til skriving og å disponera tida si sjølv. Likevel får eg den kjensla som av og til overmannar meg som lærar: Tenk at me er betrudde å ta vare på det mest dyrebare og umistelege folk har. Tenk for eit ansvar og for ein tillit. Og eg tenkjer på det Kolbein Falkeid skreiv i eit dikt då han sende yngstedotter si til skulen for aller første gong: «Å såmenn, vær rene på hendene…»
Heidi

4 kommentarar
  1. aller kjæraste syster permalink

  2. heidi permalink

  3. Tintomara permalink

    Å, jag vet precis! Kram!

  4. Heidi permalink

    Kramar tillbaka 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: