Gå til innhald

Kjærleik og omsorg

februar 6, 2011

Før har eg tenkt at om ein har gleda så klarer ein det meste. Med det meiner eg at bare livsgleda er der så klarar ein omtrent kva som helst og når livsgleda er borte, kan ein sitja i eit gullpalass og eta marsipan medan ein blir tiljubla av heile verda utan at ein har nokon glede av det.

Og kor kjem så gleda i frå ? Og er det mogleg å ha eit godt liv sjølv om ein ikkje har glede i seg? Dette er tankar eg har hatt veldig lenge. Då eg for 26 år sidan gav ut den første diktboka mi, kalla eg ho «Døtre av gleda». Den direkte ideen til namnet hadde eg fått i ein GT- (for meg betyr GT som oftast Gamletestamentet i bibelen, ikkje gin and tonic…) time på MF der forelesaren fortalde at ein talemåte i gammalhebraisk var at ein kunne kalla seg son av vrede, eller son av sorg, dersom ein var sint eller trist.

I går las eg i den siste skattekista ag har funne av ei bok, denne gongen og av Martin Lönnebo ei utfordring til å be Gud kvar einaste dag om å få evna til kjærleik og omsorg og verkeleg fokusera på at desse tinga er det viktigste i heile livet. Eg trur eg utvidar gledes- filosofien min med dette: Det som verkeleg betyr noko i livet er å i størst mogleg grad ha evna til kjærleik og omsorg.

Og eg trur fleire enn meg må gå nokre rundar med seg sjølv i kvardagen viss målet for alle handlingar er kjærleik og omsorg. Det høyrest naivt og merkeleg ut, men eg trur det er verd å prøva ut.

Me lever i ein verden der det å vera snill ofte blir likestilt med å vera litt dum. Dei store spørsmåla har blitt. Kva kan du selgja meg som eg får nytte av, og kva utbytte får eg av å gjera dette?

Men nå ropar kjærasten min at middagen er ferdig, og det kjærligste er vel å koma med det same, så han slepp å føla seg nedprioritert… Liv og lære…

Heidi

From → Filosofi, Tru

6 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Døtre av gleda lever ut kjærleiken i teneste og omsorg for andre, trur eg. Og me lever innhaldsrike liv!!

  2. heidi permalink

    Heilt utan tvil innhaldsrike liv.

  3. Tintomara permalink

    Vi är alla instrument som spelar som vi kan. Och en del är stämda i dur och anrda i moll.

  4. heidi permalink

    Det trur eg du har rett i Tintomara. Men tenkjer du at dei som er stemde i moll er skapte til å spela i moll? – Noko som i seg sjølv kan vera vemodig vakkert…

  5. Tintomara permalink

    Nog verkar det som om den del tenderar att se dystrare på tillvaron men om det är medfött eller förvärvat är ju svårt att säga… Andra hittar lätt glädjen i det lilla – hur lär man sig det? För om mán visste hur det skulle läras ut kunde man åstadkomma mycket…
    Sen behöver det ju finnas både dur och moll för att livet ska bli fullödigt – eller som nån liknelse, trasmattan blir vackrare om den innehåller kontrast mellan mörka och ljusa inslag…

  6. heidi permalink

    Ja, eg er heilt enig med deg. Og nokre menneske er heilt opplagd fødde med lysare sinn enn alle. Begge deler må til, ein må ha både eit dagauge og eit nattauge for å vera klok, som Maria Gripe skriv så fint i «glasblåsarbarna». Men det å balansera dei to er vel livskunsten som det ikkje alltid er så lett å gripa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: