Gå til innhald

Å kjøra gjennom sommarnatta

juni 26, 2011

har nesten blitt den nye hobbyen vår. På sankthansaften kjørde eg og kjærasten min tur langs strendene med Oddvar og Ingrid og såg på båla, på strendene og på den lyse natthimmelen. Det var nydeleg. I går hadde me ein minst like fin tur i den lyse natta. Denne gongen kjørde me i lag med mor og far, så heldigvis vekslar me framleis på å vera dei unge og dei gamle når me er ute i bil. Denne gongen hadde me vore på slektstreff i Vats og litt før midnatt snudde me bilen heimover. Me kjørde over øyer og holmar og fekk oss ein fergetur midt på natta. Himmelen var høg og klar og ikkje før hadde det siste kveldslyset forsvunne i vest, så såg me den første morgonroden i aust. Alle lukter blir meir distinkte når det er natt, lukta av sjø og tang, av gras og asfalt. Klokka halv tre om natta svinga me inn i gata vår. Det er vel omtrent på den tida fuglane begynner å synga. Og ikkje har ein lyst til å legga seg i slikt lys og med slike lukter og lyder. Eg siterer frå eit dikt eg likar: «Då Gud framleis trudde på menneska skapte han juninettene.»

Og elles? Jo, feriekjensla sig meir og meir inn og det kjennest godt. Eg har brukt ein del tid på rydding, husvask og klesvask, men med kjekke ting innimellom: Eit overraskande føremiddagsbesøk av Torhild der eg sykla ut og kjøpte inn til deilig lunsj, reker, scampi, salat, egg, avocado og aioli med jordbær og fløyte til dessert. Det var nydeleg å ha god tid i lag med henne, og kunna snakka om ting som det kjendest viktig å snakka om. I går var det slektstreff med tid til å snakka med fettarar og kusiner som eg har mange barndomsminner i lag med, men har delt lite tid med i vaksen alder. Det var veldig triveleg. I dag pakka eg med meg Sunniva, Halvard, Håvard og Vilde i bilen og kjørte opp til Syster der me grilla ute i sola saman med resten av familien min. Godt selskap ei tend grill og eit triveleg strikketøy er ikkje den verste måten å bruka tid på. I kveld har eg sykla ein tur i regnet på den nye sykkelen min, for sommarveret var nok ikkje kome for å bli i denne omgangen.

I morgon har eg plana om å planta fine blomar i bedet framfor huset og om å bruka litt tid på skriving. Det blir bra slik, trur eg. Kvardagane i den store familien min er fulle av små smilehol; Oscar som hoppar og sprett av glede, Halvard og Sunniva i improvisert dans til funky musikk, radiogudsteneste om humor med Arthur Arntsen og Rolf Wesenlund og Halvard som spelar piano med stor innleving for første gong på lenge og naboen som plutseleg står på døra med ein nydeleg bukett roser og anemoner som han vil gje til meg fordi han skal på ferie og ikkje kan passa på blomane sjølv.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: