Gå til innhald

Biskop Thomas, ungdomane på Utøya og alle oss andre.

juli 25, 2011

På Korsveifestivalen fekk eg høyra biskop Thomas tala to gonger. Biskop Thomas er koptisk biskop i Egypt, der kopterane er ein forfulgt kristen minoritet. Han har opplevd å vera trua på livet, og å måtta trøysta soknebarn som har opplevd å sjå familiemedlemmar bli massakrert. Biskop Thomas er ein liten mann. Han går kledd i lang svart munkekutte med ei slags brodert kyse på hovudet. Han har langt grått skjegg, og først trudde eg han var ein mykje eldre mann enn han viste seg å vera. Han hadde ein utruleg karisma, masse humor, og kanskje dei varmaste auga eg har sett på noko menneske. Etter å ha høyrd på han, måtte eg finna ut meir om kven denne karismatiske personen er, og eg fann ut at han var bare eit par år eldre enn meg, og i tillegg til å vera koptisk munk og biskop har han ei doktorgrad i psykologi og er utdanna veterinær.

I seminarprogrammet stod det fylgjande:

Om å gjengjelde ondt med godt:

«Situasjonen for de kristne i Egypt er ofte vanskelig. Likevel prøver mange, blant an- net inspirert av biskop Thomas, å gjengjelde ondt med godt – å besvare forfølgelse og undertrykkelse med kjærlighet. Situa- sjonen for oss i Norge er svært forskjellig fra den i Egypt. Men kan vi lære noe av dette? Hvordan besvarer man ondt med godt, uten å utslette seg selv – og er det egentlig mulig å elske sine fiender?»

og

Å leve som Jesu etterfølger i Egypt:

«Hva betyr det å leve som Jesu etterfølger i et av de landene i verden hvor kristne blir mest undertrykt? Biskop Thomas avbrøt som ung den akademiske karrieren og flyttet inn i et kloster i den egyptiske ørkenen. Etter kort tid i klosteret fikk han et kall fra Gud om å være biskop i den koptiske kirken. På dette seminaret vil han snakke om situasjonen for de koptiske kristne, om å møte andre med kjærlighet – og om hvordan troens innside henger sammen med troens utside i livet.»

Det viste seg at biskopen ikkje var mest oppteken av å snakka om politikk eller om  den politiske situasjonen i Egypt. Han store agenda var å oppfordra til uforbehalden nestekjærleik. Skal ein representera Kristus og Kristi kjærleik til menneska, så kan ein ikkje la ein einaste millimeter av hjartet sitt vera dedikert til hat. Han nekta å sjå på fiendane sine som noko anna enn menneske skapt av Gud, skapt til gode gjerningar, som på grunn av feil opplæring og påverknad gjorde det vonde. I møtet med slike menneske og var det kjærleik ein skulle bera med seg, aldri hat.

Han fortalde om menneske han kjende som bad for mordarane til barna sine og som nekta å kjenna på hat eller hevntankar. Ei av dei hadde sagt. «Eg har allereie mista det mest verdifulle eg har. Hat kan ikkje bringa dei tilbake til livet. Hat kan bare føra til at eg mistar det mest verdifulle eg nå står att med, kjærleiken. Skulle eg gi plass til hatet, ville eg bli heilt øydelagd». Biskop Thomas sa at det å tvihalda på nestekjærleik og langsame prosessar som einaste løysninga på valdelege konfliktar fører med seg mykje tålmod og mykje liding, men at alternativet; å sjølv gripa til hat og vald inneheld minst like mykje liding. Det å halda fast på kjærleiken midt i det vonde, var noko ein måtte trena seg i. Det innebar hard  trening, men han erfarte at kjærleiken vann over frykten.

Det han sa gjekk rett til hjartet på meg, og etterpå tok eg meg sjølv i å gå fram til han for å fortelja kor mykje det han kom med hadde gripe meg. Eg ynskte han lukka til i arbeidet og avslutta med «May God bless you and protect you.» Først nokre minutt seinare kom eg til å tenkja på at det kanskje ikkje var mitt oppdrag som eit kvinneleg lekmedlem av den norske kyrkja å velsigna han, men eg vart nå velsigna tilbake.  Eg lurde litt på om det eg hadde gjort var som å insistera på å få velsigna paven, men trøysta meg med at eit av poenga han hadde understreka var at for Gud er alle menneske like og like mykje verde. Han fortalde om ei oppleving han hadde hatt der han i det som kanskje hadde vore ein draum og kanskje ein slags visjon hadde fått lov til å låna Gud sine auge og sjå verda gjennom dei, og at det han hadde sett var ein uendeleg kjærleik til alle menneske. Eg tok meg i å tenkja at det kunne sjå ut som om Gud då han ville sei takk for lånet av auga og ville levera dei tilbake i staden sa «Nei bare lån dei så lenge du vil du, biskop Thomas.»

På det siste seminaret hans var eg saman med Astrid og Torun. Me var alle djupt gripne av det han hadde formidla, og snakka oss i mellom om at eit slikt synspunkt var det lett å slutta seg til i fredelege Norge, men at i eit land som Egypt måtte det verkeleg kosta å halda fast på visjonen.

Mindre enn eit døgn seinare, følte me at utfordringane hans var blitt ubehageleg relevante. Me hadde vore på eit seminar om det som i seminarheftet var omtala som :»Kroppens rolle i bønn: Om sammenhengene mellom stress, anspenthet og nærvær. På verkstedet vil kursholderen gjennomgå enkle og rolige øvelser som hjelper oss til å falle til ro og bli mer nærværende i bønnen.»

Ein mann, som var diakonutdanna og hadde jobba mykje med dette emnet,  gjekk gjennom avspenningsøvingar han sjølv brukte for å falla til ro og opna seg for bøn. I romet var det varmt og stolane var behagelege. Det var deilig å få ein pause frå regnet ute på teltplassen, og diakonen hadde ein heilt uvanleg roleg og søvndyssande stemme. Først såg eg Astrid sovna i stolen på sida av meg, så duppa eg av sjølv… Då me skulle oppsummera var det ein som spurde korleis ein skulle halda seg vaken gjennom slike øvingar. Kurshaldaren spurte med glimt i auget kor mange som hadde sovna medan han underviste. Me var ganske mange som måtte retta opp handa. Han sa at folk ofte sovna på kursa hans, og det tok han i grunnen som eit kompliment… Ein måte å halda seg vaken på kunne jo vera å gjera øvingane gåande, men elles så kunne ein jo velja å sjå på det som å sovna på Guds fang som eit lite barn som sat på eit trygt fang og sovna i frå det det hadde tenkt å fortelja. Eg bestemte meg for at det å sovna på Guds fang høyrdest ganske trygt og fredeleg ut, og satsa på at litt av kurset hadde eg då fått med meg.

Etterpå vart det tida for å vakna. Då me kom ut av kursromet klokka halv fire var det ei dame som sa at ho hadde fått tekstmelding om eit truleg terrorangrep i Oslo. Forvirra gjekk me bort til ein svensk mann som sat der med laptopen sin. Me fekk lov til å låna pc-en og såg bileta frå eit bomba regjeringskvartal. Vantru vart me ståande der og sjå på stadige oppdateringar. Nokre timar seinare lytta me vantru på meldingane om at ein bevæpna mann skaut rundt seg på AUF- leiren på Utøya.  Eg høyrde rykte på eit toalett om at ulukka var mykje større enn det som til nå hadde kome fram. Ei ung jente hadde fått sms om at døde ungdomar låg og flaut langs stranda og at ungdomar hoppa i sjøen for å sleppa unna. Eg bestemte meg for at dette vel ikkje kunne vera sant, eg håpa at det var bare katastroferykte.

Om kvelden var det kveldsgudsteneste i det store teltet der 3000 festivaldeltakarar skreiv bøner, tende lys og gråt i vantru og sorg over det som hadde skjedd med landet vårt. Då me seinare høyrde at ein nordmann var pågripen for ugjerninga kjende eg ei stor lette over at det ikkje såg ut til å vera internasjonal terror. Det ville ha ført med seg endå meir frykt, trur eg. Ikkje minst framandfrykt. Det ville nok ha blitt endå vanskelegare å vera muslim i Norge dersom dette hadde vore kopla til eit muslimsk nettverk.

Neste morgon fekk me vita at rykta frå kvelden før ikkje var overdrivne. Meir enn 80 ungdomar var regelrett massakrerte av ein norsk gjerningsmann som meinte at han var ein slags martyr og hadde ein misjon å utføra. Heldigvis har tonen i det offentlige Norge ikkje vore prega av hevntankar og hattankar. I staden har folk sørga saman med blomar og faklar, og i går såg me både statsministeren, kongen og dronninga gråta på TV i sorg over det som har skjedd.

Klokka tolv i dag hadde eg eitt minutts stillhet på kjøkkenet saman med nesten alle nordmenn i gater, heimar på arbeidsplassar og på offentlege torg og samlingsplassar. I kveld vil me ta del i ein solidaritetsmarsj inne i byen.

Og eg tenkjer at for alle oss som møtte Biskop Thomas i Seljord på torsdag blir orda hans som ein prolog og som ei stor utfordring. Me er kalla til å vera Guds ansikt på jorda. I Guds ansikt er det ikkje plass til hat.

Til slutt i dette innlegget kjenner eg for å understreka at sitata frå Biskop Thomas er etter minnet og etter å ha blitt silt gjennom mine erfaringar og mitt begrepsapparat. Sidan han ikkje snakkar norsk har eg og teke meg den fridomen å sitera han på eit anna språk enn det han snakka til oss på. Om nokon som les dette meiner at eg har teke meg til rette med større tolkingar enn eg har grunnlag for, så vil eg gjerne bli korrigert.

Men møtet med han har gjort noko med meg, og truleg med mange fleire av oss som fekk lov til å møta han. Verda treng heilt openbart folk som torer å leva i den radikale tilliten til det gode som han viste oss eit glimt av.

Heidi

2 kommentarar
  1. Marta Onstein permalink

    Eg høyrde ikkje biskop Thomas. Me var så opptekne av dei palestinske gjestene sine seminar. Korsvei er deilig mangfoldig! Men dette var strek lesnad! Takk!

  2. heidi permalink

    Ja, det er jo slik at ein alltid kjenner ein har gått glipp av noko ein gjerne skulle hatt med seg fordi ein ikkje kan vera meir enn ein plass samtidig.Eg skulle gjerne hatt med meg seminara om Midtausten og.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: