Gå til innhald

Tre tusen gærninger i telt i eit gjørmehav

juli 26, 2011

Orda var Tore Thomassen sine ein av dei siste dagane av Korsveifestivalen. Der stod han framme med dei andre musikarane med ukulelen under armen og definerte oss.

For det var verkeleg veldig vått der. Dei siste dagane var det flaumvarsel.

Regnet strøymde ned som frå opne sluser, og bakken og graset vart langsomt forvandla til det som på godt jærsk heiter «reine sorpa». Eg vart meir og meir takknemleg for dei fine raude gummistøvlane eg kjøpte før me reiste, med god plass til eit par ullsokkar oppi. Likevel var det svært få som valde å reisa heim. Grunnen må jo vera at for dei aller fleste av oss kjendest det så viktig å vera der at det ikkje var noko alternativ å reisa der i frå. Dei som ikkje lenger på nokon måte kunne bu i teltet sitt, fekk tilbod om å finna seg ein plass innandørs der dei kunne rulla ut soveposen og liggeunderlaget sitt. Dei siste dagane var og prega av katastrofen som ramma landet vårt. Dette vart takla på ein veldig klok måte av dei som var ansvarlege for festivalen og det kjendest bra å kunna dela situasjonen med alle dei som var der saman med oss. Det kjendest og godt å kunna ha mobilkontakt med barna og foreldra våre. Me treng kvarandre på ein annan måte når det onde skjer oss. Heile leirområdet til tenåringane vart evakuert innomdørs, dei låg saman i ein stor hall. Dette hadde nok mest med regnet å gjera, men likevel tenkjer eg at det må ha vore trygt for dei å ikkje ligga i telt aleine ute i mørket med historiane om det som nettopp hadde hend i ein annan tenåringsleir ikkje så langt i frå oss friskt i tankane.

På den første bibeltimen ho haldt, innleia Sunniva Gylver med å seia at dette gjorde ho med glede, og samtidig med ein viss frykt, fordi Korsveibevegelsen heilt sidan nittitalet hadde vore hennar «store åndelige kjærlighet.» Det utsagnet kan eg identifisera meg hundre prosent med. Eg har prøvd å rekna etter og trur at dette var den ellevte festivalen min. Der har eg opplevd ei tru, ein politisk ståstad og ein form for fellesskap som eg kjenner eg høyrer heime i. Det er godt å ha ein plass i livet der ein ikkje heile tida kjenner at ein skulle ynskja at noko var annleis. Det er på Korsveifestival eg fekk sjansen til å møta Martin Lönnebo, som gjennom bøkene sine har betydd uendeleg mykje, og det er på korsveifestivalar eg verkeleg har fått strekkja tankane så langt dei rekk teologisk sett. Det er der eg har dei aller sterkaste gudstenesteopplevingane mine med Thomasmesser der folk fortel om liva sine, der barn og vaksne saman skriv bønelappar og syngande står i lange køar for å få nattverd. Likevel er det nok fellesskapet eg har opplevd der som har sett seg aller sterkast fast i hjartet mitt. Eg ser på alle festivalane med barna våre som noko av den viktigste ballasten eg har fått gitt dei av levd trusliv. I tillegg til programmet for alle og programmet spesielt for vaksne blir det alltid jobba grundig med eit opplegg spesielt tilrettelagd for barn i ulike aldrar. I år var det rart å reisa for første gongen utan så mykje som ein einaste tenåring i bilen, men det viste seg å vera veldig fint å vera der likevel. Det var første gongen eg reiste dit utan å ha ansvar for noko som helst, tidlegare har eg vore involvert i barneopplegg, vore forteljar, halde forteljarkurs eller vore gjetar. Det kjendest fint å først og framst vera fri til å ta i mot.

Med telta organiserte i små tun med bål og gruve, lagar me mat saman kvar dag, sitjane rundt bordet med skjærefjøl og kniv, etter å ha henta råvarene på ei trillebår. Dei siste gongene me har vore der, har det vore nødvendig at dei som bur på tuna konstruerer store presenningar på beste speidarvis over langborda slik at me kan sitja relativt tørre rundt borda og snakka saman over ein kopp kaffi eller te medan regnet ausar ned over oss. Det er faktisk ganske stemningsfullt, og det let seg til å med gjera å halda liv i eit stearinlys eller to.

Så er det samlingar for alle, dei siste åra i eit stort telt. Alt som skjer blir løyst med stor kreativitet. Det er ein dugnadsfestival der folk frivillig deler det dei kan, lagar kunstnariske installasjonar, spelar klarinett, held dansekurs, fortel, speler teater og held seminar. Ein kan få samtalar med erfarne sjelesørgjarar eller vera med på aerobictime ute i graset. Det er morgonsamlingar etter modell frå Iona og kveldsbøn etter Taizémønster. Om dagane er det eit rikt tilbod av interessante kurs og seminar og om kveldane er det konsertar, opne kafear, open scene for dei som vil bidra med noko og fleire plassar ein kan gå for å dansa. Deltakarane er godt spreidde i alder i frå babyar på eit par månadar til folk som nærmar seg nitti.

Med slike smakar på det gode livet toler me litt regn og gjørme, rå soveposar, vanndammar utanfor teltet og dusjkøar kvar morgon. Og dei aller fleste gongene, når eg strekkjar min korte hukommelse litt, har veret faktisk vore riktig bra.

Fleire har sagt at på Korsveifestival får dei ein smak av kyrkja slik dei drøymer om at ho skal vera. Og slik kjenner eg det og. Eg veit ingen annan organisasjon som i så stor grad klarer å ha blikket ut mot verda og samfunnet og samtidig ha fokus på det andelege og kontemplative. Korsvei har fire «vegvisarar» som skal visa kor rørsla ynskjer å ha fokus, desse fire er: » Fremma rettferd, byggja fellesskap, søkja Jesus Kristus og leva enklare.»  Det er fire gode retningar å halda fokus på samtidig. Me lever i ei verd der bodskapen om å «leva enklare» er herleg motkulturell. Kor ofte blir me ikkje fortalde at me blir lukkelege av å overmøblera både hus, garderobeskap og timeplan?

Kvar gong eg kjem frå festival kjenner eg meg rikare, tryggare og klokare. Eg kjenner på takk for å få vera ein del av dette. Likevel er det sjølvsagt ikkje festivalbobla me skal byggja liva våre på. Det verkelege vanlege livet, det som ventar på oss når me kjem heim er vel til sjuande og sist den viktigste grunnen til å venda pilgrimsnasen mot Seljord annankvart år, slik at me med litt rettare rygg kan møta alle dagane våre og alle dei som bur der.

Heidi

3 kommentarar
  1. heidi permalink

    På facebooksida mi ligg det nå ein serie bilete som viser veldig fint essensen av festivalen. Fotografen heiter Lars Verket, og er utruleg dyktig.

  2. Marta Onstein permalink

    Takk Heidi! Eg er så glad me blei med på Korsvei igjen i år. Det er viktige tankar og impulsar Korsvei gir oss! Og så er det jo kjekt å treffa gamle vener – som deg- igjen!

  3. heidi permalink

    Ja, det er noko av det kjekkaste,- alle folka ein møter igjen. Og bare det å sjå alle desse som er der år etter år, det blir som å fylgja eit resyme av liva deira med ei lita oppdatering annankvart år, sjå barn veksa seg først til ungdomar så til vaksne og sjå at folk blir bittelitt eldre (og sikkert mykje klokre…)frå gong til gong. Eg kjenner takksemd overfor dei eldsjelene som står på år etter år etter år for å skapa dette miniatyrsamfunnet ei sommarveke annankvart år.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: