Gå til innhald

Medan trea slepp blada sine mot bakken.

oktober 24, 2003

Då eg var nitten år stod eg under eit tre i Kongsgård Allé i Kristiansand. Eg stod under eit tre med amputerte greiner og snakka med ei ny venninne. Eg var ute i verda og prøvde vengene for første gongen med hybel og delt kjøkken. Astrid vart ein sjelefrende. Me stod der under treet, og oppdaga einannan for fullt, medan treet sende oktoberblada sine mot bakken. Eit og eit blad vart slept ned, som dryssa over bakken av ødslege hender. Eg tenkte at slikt har eg visst aldri sett det før. Kanskje fordi blada i min forblåste del av landet normalt blir rive brutalt av trea av hauststormane, og tek lange horisontale flygeturar før dei nærmar seg bakkenivå?

Men i dag fekk eg ei slags deja vu oppleving. Eg låg på ei matte i lag med ein hyperaktiv gut og pusta langsamt inn og ut medan eg prøvde å få han til å gjera det same. Eg kikka ut vinduet og såg eit tre stå borte ved fotballplassen og dryssa blada sine gavmildt over bakken på akkurat same måten som den gongen i Kongsgård Allé.
Medan eg pusta i same rolege rytmen høyrde eg tikkinga frå vegguret. Det tikka rytmisk og stødig, men i ein annan rytme enn min.

Eg vart fyld av tanken at slik er det å leva. Sjå oktoberlauvet falla langsomt og melankolsk mot bakken
medan klokka tikkar, og du høyrer din eigen pust langsomt fylla lungene dine for så å sleppa ut att.

Oktober, denne mørkeblå haustmånaden med islett av grått mot dei gyldne haustfargane, vemodsvakker er han, og kjøleg.

Me tenner varme i vedomnen fordi den elektriske varmeomnen har slutta å virka, og dyppar hendene i glovarmt oppvaskvatn fordi oppvaskmaskinen har slutta å gå.

Om ikkje lenge skal eg ned og sova hos kjærasten min.
Dagarna mörknar minut för minut.

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Å, så fint att du är här! Jag blev så besviken när du plötsligt var försvunnen från Hypodea!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Tusen takk, Tintomara. Nett- tilkoplinga svikta meg den kvelden eg bare måtte oppdatera på hypodea, eg slåst som ei heltinne for plassen, men måtte gje tapt.
    Trur dette må vera ein triveleg
    tilhaldsstad…

  3. Ukjend's avatar
    Cee permalink

    Fint att läsa dig igen.

Kommenter innlegget