Gå til innhald

To dikt om fred

Me tel våre draumar.
Krig er ikkje ein av dei.

Me strikkar varme klede
og ønskjer ikkje at nokon skal ta dei på seg
for å døy eller for å drepa.

Me fortel barna våre gamle eventyr
før me syng for dei om kvelden.
Me vil ikkje at dei skal bli vaksne og drepa kvarandre.

Me lærer dei om livet,
så dei kan ta vare på dei som lever.

Me ber bøner og pakkar bønene tett rundt dei
for å beskytta dei mot alt vondt.

Me kyssar dei på kinn og panne
og kviskrar dei mjuke ord i øyra.
for at dei alltid skal vilja det gode.

***

Andersen nede i svingen
ønskjer seg ikkje anna enn fred.
Han bakar bollar til ungane,
både sine eigne og naboen sine,
og slepp ut katten.

Ingen av naboane er interesserte i bråk-
Det finst ikkje ein i heile gata
som ville stemma ja, til krig,
ikkje ein einaste ein.

Det er ikkje eit menneske i heile bygda,
som ville bruka pengane sine til å laga bomber,
eller å okkupera markene eller hagane
til dei som bur på den andre sida av elva.

I alle land dekkjer dei bordet
så ungane får kveldsmat
før dei legg dei i sengene
Og pakkar dei trygt inn
så dei skal finna kvile.

Foreldre er rare slik,
dei drøymer ikkje om
at barna skal døy i militæruniformar
eller byggja seg bombefabrikkar
for å bli rike og mektige.

Heidi

Livslærdom

Etter å ha skrive eit innlegg om alt som har gått gale i verda, kan det kanskje vera greitt å balansera med noko som er fint, for det som er fint er det og veldig mykje av… Sjølv synest eg det er veldig fint at eg framleis, i godt vaksen alder, har begge foreldra mine her, og at dei framleis er ganske friske og raske.

I denne veka fylde far 86 år, og barna, det vil i denne samanhengen seia syskena mine og meg, feira dei saman med svigerbarna med ein lang frokost heime hos meg, som etterkvart gjekk over til kaffi, lefser, julekaker og varm eplekake. Syster mi, terapeuten, som liker å gå litt på djupet utfordra far og spurde kva kan hadde lærd av livet.
«Det må jo vera å oppdra barn», sa han, diplomatisk. Det var jo eit smart svar, for viss me repliserte at det hadde han klart godt, måtte det jo vera det perfekte svaret til å få oss og til å kjenna oss som vellukka oppdragne… Men syster var ikkje heilt fornøgd.

«Nei,» sa ho,»Eg meiner kva veit du nå om livet som ein ikkje automatisk veit når ein er ung?» Nå måtte far tenkja seg litt om, men ikkje så veldig lenge. «Det eg har lært,» sa han, «er at det ikkje finst to menneske som er heilt like kvarandre. Alle har ulike erfaringar, og alle opplever livet forskjellig. Derfor har eg lært at ein må vera «litt ydmyk» i møte med andre. Ingen veit kva andre strir med, og eg har sett at livet ikkje alltid er så lett for alle, altså. Det er viktig å møta alle menneske med respekt, for me kan ikkje vita korleis det er å vera dei».

«Nå har du jo ganske mange oldebarn, kva vil du formidla til dei om livet?» «Då vil eg seia til dei som skal oppdra dei og passa på dei at dei må passa godt på dei. Dei som har barn og barnebarn må vera tett på og fylgja dei opp heile tida. Det er heilt nødvendig slik som tidene har blitt…»

«Ja, men kva ville du seia direkte til dei som dei kan ta med seg i livet som eit tips frå deg?» «Då vil eg seia at det er viktig å hugsa at dei må vera «ydmyke». Det trur eg er det aller viktigaste».

Og det var jo kloke ord frå ein etterkvart veldig godt vaksen mann. Eg satsar på at han synest det er greitt at eg deler det med fleire. Det eg tenkjer på når eg skriv dette er at det er bra for barn å bli oppdrogne av ein heil landsby. Mine barnebarn er så heldige at dei har tre generasjonar over seg som både har lyst til å vera tett på dei, og som liker å leika med dei. Så får eg tola at oldefar og oldebarn på fem går laus på kvarandre med sofaputer og teppe når dei har putekrig. På ein måte misunner eg mor og far det at dei var så unge då dei vart foreldre og besteforeldre. Mine oldebarn kan ikkje vera trygge på at dei har ei oldemor som har lyst til å leika gøymsel eller ta ein heftig putekrig.

Heidi

Kva i all verda

Kva i all verda
har fått oss til å tru
at det er heilt i orden
å drepa og å bli drepen?

Kven i all verda
har fått ideen om
at unge døtrer og søner,
skal ta på uniform og gå ut for å drepa?

Kva har fått oss til å tru
at det er betre å bruka pengane på å laga våpen
enn på å redda jorda barna våre skal bu på?

Kven har sagt
at det er ein god idé å velja oss leiarar
som prioriterer makt over nestekjærleik?

Me som ikkje liker ordet arvesynd,
kva diagnose og kva språk
skal me bruka om det som feiler oss?

Og finst det vegar ut av denne labyrinten?
Me er mange nok som deler spørsmåla.

Fri og bevare oss,
og Kyrie Eleison.

Heidi

Trådar av håp

Me sit her i lag,
spinn trådar av håp,
me sit her, og me er mange,
spinn trådar av liv,
av bøner og song,
spinn trådane sterke og lange.

Me nøster dei opp
til nøste av mot,
me nøstar i dagar og netter,
me sit kvar for oss,
i bøn og i song,
og nøstar for dei som kjem etter.

Så strikkar me liv,
strikkar klede av håp,
lar pinnane gløda av bøner,
me strikkar oss mot,
og varme og trøyst,
for avmakt som ingen skjøner.

Så me kan gå ut
vera varme av håp,
ha bøner og song til klede,
og varme av lys,
i gater av frost
få dela ut mot og glede.

Nå deler eg ein kanskje ikkje heilt fullend og gjennomarbeida song som er resultatet av eit par timars arbeid på biblioteket. Dersom nokon har innspel på ting som skurrar eller fungerer i teksten, så er eg open for det. Nå skal eg ut i ettemiddagslyset og kveldssola for å koma meg heim til litt middag før eg skal på barnekor med barnebarna.

Heidi

Bilde

Nytt år

Nytt år


Livet klarnar, og vatna frys til,
under høg himmel og fullmåne.
Rosa himlar over horisonten
rammar dagslyset inn,
og lovar lenger og lysare dagar
om me bare viser tålmod.

Noko av det einaste me veit sikkert
om framtida akkurat nå:
Lyset skal koma tilbake.
Lyset skal gjesta oss
som ein soloppgang,
det og håpet vårt.

Me pustar håpet forsiktig ut,
som såpebobler der lyset kan spegla seg.
Me let det falla langsomt mot den frosne bakken,
og håpar at håpet frå mange av oss pustende
kan varma opp jorda
så ho igjen kan bera liv ingen av oss såg koma.

Me tenner faklar av håp,
og ber dei ut i mørket når natta kjem.
Me byggjer store bål av håp
og ber folk koma bort for å varma seg.

Så står me der tett saman
står der og støttar kvarandre
medan me ber han som skapte lys og håp
om å vera hos oss så lenge dagane finst
og leia føtene våre inn på nye vegar,
vegar av fred.

Heidi

Bilde

Ein liten verbal julesymfoni 🕊️

Alle som har feira jul med ein stor familie, og det har i grunnen me gjort i alle år, veit at det skal ein viss kondis til for at alt skal falla på plass. Eg oppsummerer med ein liten «julesymfoni» på rim, og reknar med at ein heil del av dykk der ute kan relatera…
***

Ein slags julesymfoni

Jul med gjestar, me er glade,
dei kjem snart, me vaskar badet,
juletreet er i fot,
julepynt og masse rot,
pynteting i store kassar,
englar syng frå skjulte plassar,
julekuler, klokker, glitter,
flettekorger, fuglekvitter,
øskja her med lysa i,
men dei manglar batteri.
*
Snart er alle mann her inne,
koffertar og juleminne,
bleier, bamsar, all slags greier,
duploklossar, fleire bleier,
sursild, ostar, kor er skinka?
Mat i mengder, vil det minka,
eller blir det sild på far,
heilt til midt i februar?
Her er nok, du skal nok få
frå kakeboks med nissar på.
*
Julesong frå radio,
stellebord og vask på do,
julesong med fynd og klem,
barn er fødd i Betlehem.
Jesusbarn i mange stallar,
hylla blir i hus og hallar,
her er Josef og Maria,
engler syng viss heile tida,
krubba manglar, ho er borte,
gjetarar i gjetarskjorte,
ventar, barnet, det var lite,
er det kasta, kven kan vite?
Tenk om sist me rydda vekk
det havna i ein søppelsekk?
*
Endeleg kom Jesus fram,
det gjekk ganske godt med ham,
havna bare i feil kasse
mellom nissar og ein masse
heilt tilfeldig julestas
og englar som var gått i knas,
pakka vekk i håpets kår
om limpistol til neste år,
barnebarna får ein klem,
Krist er født i Betlehem.
*
Dotter leiter etter smøret,
morfar er på surdeigskjøret.
deig på benken, deig på bordet,
deigar veks seg fine, store,
deig på badet, må ei fryse,
deigen skal i autolyse,
snart får alle smaka nå
nybakt brød med jula på.
Ingenting er som eit brød
bakt på mjøl og gryn og frø.

*
Me er mange, små og store,
seksten menneske rundt bordet,
graut i skåler, graut på fat,
alle saman skal få mat.
Mandelen kor er han hen?
Alle fyller på igjen,
men til slutt det seier stopp,
er vår mandel eten opp?
Nei han legg der, trygt og kaldt,
hos ho som ikkje orka alt.

*
Graut på golvet, graut i stolen,
graut i gryta, graut på kjolen,
vaskeklut på vaskeklut,
skittentøy blir kasta ut,
vasken går for full maskin,
kjolen skal bli rein og fin,
snart er julekvelden her,
med hårsløyfer og juleklær,
golv blir vaska gong på gong,
huset fylt av vasketrong.
*
Julegåver over alt,
ting får liggja der dei falt,
pakkar bugnar på kontoret,
og på golvet, og på bordet,
mengder av papir og band,
over alt, kan det gå an?
Teiprullen har teke slutt,
kan det ordnast? Absolutt!
Klistermerke, plasterlapp,
pakkeband og bukseknapp.
*
Pinnekjøt, kålrabistappe,
mange hender må bli kjappe,
ribba må i ovnen nå,
julemat skal alle få.
Riskrem kjølnar på altanen,
late sjeler, skugg nå banen,
kjøkkenbordet står med topp,
av slikt som ingen rydda opp.
Englar under serviettar,
det blir laga mange rettar.
*
Julestrømper, julesongar,
julegleder mange gongar,
Donald, Dolly, Mikke Mus,
julestemning i kvart hus.
Skynd dykk, me må jobba på!
Me skal snart i kyrkja nå,
Juledusjen, det blir kaldt,
varmtvatnet er brukt opp alt,
sjølv om varmen er brukt opp,
er det jul, og alt er topp.
*
Slekt skal følge slekters gang,
babygut på onkelfang.
Mormorjenter syng i kor,
høgt og sterkt at Gud er stor.
Myrra, gull og vise menn,
teksten kjenner me igjen,
orgeltonar som i fjor,
opnar hjartejulespor.
Hør den englesang så skjønn,
født er himlens kongesønn.
*
Julenissen, kjem han snart?
Bordet tømt, og alt er klart.
Nissen kjem med hodelykt,
det er morfar, det er trygt,
seier ho som fylde fem,
men ikkje vågar nisseklem.
Nissen mistar hetta si,
viser håret, store tid,
håret hans det lyser kvitt,
akkurat som nissen sitt.
Barna får nervøse smil,
han er ekte, ingen tvil.
*
Seine kveldar, sjokolade,
trøytte ungar, kø på badet,
krumkaker og kakemenn,
julelys som brenn og brenn.
Julenissen, kor gjekk han?
Kor er lefsa som forsvann?
Papir, papir i store mengder,
juleband i lange lengder,
julefreden senkar seg
stille over deg og meg.
*
Liten gut vil opp og sjå,
trur at dagen startar nå.
Klokka fem vil han stå opp,
fryd og glede, alt er topp.
Trøytte kjem dei etterkvart,
morgonen er lang og svart.
Mamma må få sova litt,
snart står sola opp så vidt,
og snart så skal me dekkja bord
for oldefar og oldemor.
*
Julefrokost, julekaffe,
julegleda let seg skaffe,
klementiner, julekaker,
julebrus og slikt som smaker.
Dagane er få og tette,
jul skal vera slik som dette,
barnebarn med mjuke kinn,
jula ringest ut og inn,
klissefingrar stryk så blidt,
over julehjartet mitt.

Heidi

Luke 24- Julaftå

Så var siste luka opna. Me har hatt ein kjempefin dag. Sola skein og alle var glade. Nå er alle snart i seng. Både eg og mobilen er nesten tome for batteri, så nå skundar eg meg å posta ✨. Jula varer lenge endå, men det er eit år til neste julekveld.

Viss ingen går i fella og så vidare… Ha ei framleis gledeleg jul. 🕊️🎺🌲

Heidi

Luke 24- Litla julaftå

Her er eit utval peparkaker etter pyntinga i går. Nå kvelden før kvelden, er det ikkje mange igjen.

Dagen har vore fullmøblert og intens. Me hadde ein tur til Sandnes for å kjøpa ein julegave, men det viste seg at dei var utselde for det me hadde sett oss ut. Det var så tettparkert og tett-trafikkert på parkeringsplassar, i rundkjøringer og på vegen at eg priste meg lukkeleg for at det ikkje var eg som var sjåfør.

Det vart ein nydeleg pause i eit lite hol i dagen heime hos Torhild i Hafrakhagen der me fekk kaffi, julekaker og ein god prat.

Vel heime var det stopp på den lokale Kiwien for å handla slikt som framleis ikkje var i hus, me gjekk heim med fire tunge berenett.

Så var det heim for halvpaniske førebuingar til å vera 16 rundt bordet for å eta julegrøt med mandel, lefser og småkaker. Kokken min insisterte på å koka grøt frå botnen av, heilt utan hjelp frå Fjordland. Det tok litt lenger tid enn berekna, men grøten smakte godt og mandelen vart funnen.

Det er koseleg å samla familie, og dette vart nok den største samlinga me skal ha denne jula. Etterpå sa min riddar av ein svigerson at nå ville han rydda og ordna på kjøkkenet. Det vart teke i mot med små protestar og så med takk. Etter at småbarna var lagt og hadde sovna fann me ut at nå ville me slappa av med ein julefilm. Husbonden og eg slappa av framfor fjernsynet med dei to yngste på 31 og 32 og såg «Gutter er gutter». Me hadde alle sett filmen for veldig lenge sidan, men var einige om at det faktisk var ein søt og koseleg film som kunne passa på ein kveld som denne saman med heimebakte brød med ost, potetgull og ostepop.

Nå er me så godt som i mål. I morgon blir det baking av meir brød og tillaging av ribbe, pinnekjøt og riskrem. Her er mange kokkar, så me har det nok under kontroll. Me skal på gudsteneste alt halv to, for då skal barnekoret til jentene synga på den første av tre gudstenester.

Femåringen vår var ikkje heilt i form i ettermiddag, så nå kryssar alle fingrar og tær for at ho er frisk i morgon. Det er ikkje kjekt å vera sjuk på julafta når ein er liten. Eg ynskjer alle som les dette i tide ein god og julekveld. Måtte alle finna glimt av fred og glede midt i alt som er sjølve livet.

Heidi

Bilde

Luke 22- Bittelitla julaftå

I kveld har eg vore på konsert med mine tidlegare elev Johannes Hetland som er fantastisk flink på tangenter. Han hadde konsert i lag med Thomas Wesley Brasel som song heilt nydeleg. Dei to andre i bandet var og veldig flinke. Det var kjekt å sjå at kyrkja var full. Det er alltid kjekt å møta tidlegare elevar, og når det går bra med dei gler eg meg saman med dei.

Eg var ute på ein handlerunde i dag og møtte elevar frå fleire forskjellige kull som det var kjekt å helsa på. Eg fekk og tid til ein kopp cappuccino med Monica på kanelsnurren. Hella og Tage hjalp meg å pynta peparkaker. Det viste seg at kakeboksane ikkje var så fulle som eg trudde, men eg får gleda meg over at dei tydelegvis har falt i smak. Litt blir det nok på fata i sjølve jula, og så får det vera bra.

Nå har eg tenkt å kvinna meg opp til ein bitteliten rydderunde før eg legg meg. Eg har dessverre ikkje naturtalent for å få til strøkne heimar med alt på G. Den egenskapen skulle eg heilt ærleg talt likt å ha. Eg får stramma meg opp å gjera så godt eg kan. Og så får eg skunda meg å seia at viss nokon trur eg gjer alt aleine, så er det veldig feil. Her bidrar alle. Eg bare ser at nokon, helst av same kjønn som meg, har evnen til å «sjaina opp» eit hus på ein- to- tre. I ein alder av seksti pluss har eg framleis ikkje lært meg triksa og ferdigheitene. Den kvite Ajax-tornadoen har aldri gjesta mitt hus slik som på gamle reklamesnuttar. Elles så er eg ganske snill og grei, og det er kanskje ikkje så verst det heller. Men ikkje skal eg gi meg. Kanskje eg og blir kjempeflink ein vakker dag…

Heidi

Bilde

Luke 21- Fjerde sundagen i advent.

Eit litt lite høgtidsstemd bilete frå kvelden. I høgtider og feriar når alle er heime pleier me alltid å ha ein eller fleire spelekveldar. I kveld har me spelte Bezzerwizzer med to ulike utgåver samtidig for at alle skulle kunna spela sjølv i staden for å spela lag. Det fungerte overraskande bra. Eg tapte med stil, men det var kjekt likevel.

Dagen har vore fullmøblert slik sundagar gjerne gjer. Eg tenkte at det kanskje kom til å vera litt få barn denne siste sundagen før jul, men me ende med å vera tretti personar der med stort og smått. Etter litt song og dramatisering av vismennene si reise, hadde Hilde ein kjekk aktivitet med å laga julepynt av farga pipereinskarar .

Det vart så vidt tid til å reisa heimom før me skulle vidare i familieselskap hos May Brit på Figgjo. Mor og far fekk ein ettermiddag med sju av sine ni oldebarn, seks av dei er frå fem år og nedover. Me hadde nokre fine timar med leik, julekaker og heimelaga karamellpudding og riskrem. Dei siste åra er me blitt for mange til at det er praktisk å ha felles julefeiring i storfamilien slik me alltid hadde før. Tider skal komme, tider skal henrulle…

Og i dag har me sett sola for første gong på ei stund. Det var fint.

Heidi