Gå til innhald

Det finns så många saker man skulle sa

november 5, 2003

… eg er så trøytt. Får liksom ikkje sove nok. Kanskje har det med det å gjera at jorda har snurra seg inn i mørk november? Dette er dessutan det første året på mange år at eg er i full jobb. Det vil seia 85% stilling i skulen der eg for det meste jobbar med spesialundervisning. Eg har ansvaret for to små gutar med autistdiagnose, og i tillegg diverse andre diagnoser. Dei er to vidunderlege små menneske som strør sol over dagane mine. Dei gjer meg mange mjuke klemmar, og dei utfordrar meg dagleg som menneske på ganske mange plan.

Og så er litt av stillinga mi knytta opp til eit skuleteaterprosjekt. Dei siste fire vekene har me saman med ca 70 ungar øvd inn “Dustane” av Roald Dahl som skal visast for foreldre og elavar på eigen og andre skuler om to veker. Utruleg god opplevelse å sjå stykket veksa fram av ingenting.

I tillegg jobbar eg 15 % stilling med barneteater i kulturskulen, det vil seia ein kveld i veka, og frå tid til annan har eg ansvaret for ei ungdomsteatergruppe som held til i kyrkja. I tillegg til dette og mykje anna så har eg fire barn,- og eit stort hus som er til nedfalls. -I alle fall kjennest det slik av og til. Ein etter ein av dei elektriske installasjonane takkar for seg. Først var det microbølgeomnen, og så var det tørketrommelen for eit år sidan. Begge deler lever me godt utan. Verre er det at
oppvaskmaskinen svikta oss for tre veker sidan og varmeomnen for 14. dagar sidan: Dei to siste skal me skaffa oss i fornya skapnad bare me får løn.

Så er det alt oppvasken etter seks menneske som er vane med å sløsa med drikkeglas… Det er alle rapportane, alle møta, alle manuskripta. Barneboka eg skulle ha skrive ferdig, dikta til diktkvelden om 1 1/2 veke…

Og slankekuren, alle kiloa eg skal ha av, alle dei daglege trimturane, bunaden eg broderer til dottera sin konfirmasjon… Denne veka i novemberregn har eg vore ein elendig turgåar…

Og midt i det heile er eg stort sett eit veldig lukkeleg menneske, sjølv om eg gjerne skulle hatt ei god gammaldags hushalderske… Er bare litt trøytt…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Sidan eg skreiv denne taksten for nokre timar sidan har eg teke med meg kjærasten min på ein god spasertur i regnet. Det kjendest godt. Nå skal eg snart leggja meg.

  2. Ukjend's avatar
    Hilde permalink

    🙂

Kommenter innlegget