Systerskap.
Sist helg var eg i lag med venninner frå lærarskulen. Me starta der for snart tjuefem år sidan. Eg vart inspirert til å laga denne teksten:
Midt i alt pulserande liv
alltid venda tilbake
til det heilage, allminnelege systerskapet.
Kvila i gode blikk.
Kjenna trykk frå varme hender.
Det er me som har gått saman
på endelause stier gjennom opne landskap.
Me som har strevd oss opp tunge motbakkar
og kvilt med blikket mot bleikblå vårhimmel-
Me som har skrive i stein og hogd i fjell,
som har hugsa og gløymt,
gråte og ledd.
Me som har sett smilerynker
leggja seg vennleg kring auga til einannan
Sett spor av liv
skriva seg fredeleg på plass i panna og kring munnen.
Me har sett ungar bli fødde og veksa seg store.
Sett dei første grå stripene teikna nye mønster i håret
medan blomar opnar seg ,
visnar og kjem tilbake.
Rike av liv
og endå klokare enn før
samlar me godleik og frustrasjon
smil og galgenhumor
i stablar mellom englar og matoppskrifter
bøker ord og blomar
på eit vakkert dekka bord.
Så let me orda våre
stryka mildt over skrammer og sigrar
medan liva våre fell på plass.
Eg veit ikkje nokon som skriv så vakkert og skildrar så godt som deg syster mi
Er du her du og? Koseleg.
Enig med May Brit!
Eg veit ikkje nokon som skriv så vakkert og skildrar så godt som deg tanta mi 😉
Tusen takk, kjære. Du er ikkje så verst du heller når du skildrar med fotoapparatet. Skriv meir på bloggen din og. 🙂