Gå til innhald

On the road again…

mars 29, 2005

… med tekstar her på andedrakt. Livet, RL, har krevd si kvinne fullt ut dei siste månadane, og det har vore lite energi att til dette cyberlivet…

Eg har leika med eigne grenser, og gjort ting eg nok har drøymt om, men som liksom er litt for ville til å gjennomføra. Nå i påsken har eg hatt utstilling på ei nedlagd mølle i lag med ei venninne. Hennar fantastiske tekstiler i lag med mine tekstar. Sju hundre menneske eller meir har vore innom, og det aller meste er blitt seld. Kvar dag klokka fire har me hatt besøk av musikarar,og eg har lese eigne tekstar og fortald historiar.

Som om dette ikkje var nok, så prøver eg meg som skodespelar. Eg har jo drive med barneteater i mange år, men nå har eg teke kostyme på eigen kropp… Jan Ivar og eg har fått eit kulturstipend til å laga ei teaterforestilling og eit undervisningsopplegg om HC Andersen og livet hans. Me har skrive eit teaterstykke på seksti minutt som me har øvd inn, og nå reiser me rundt på skulane i området med ei forestilling. Forestillinga er ei blanding av teater og forteljing, og me kallar det forteljarteater. Rollefiguren min er dronninga frå “Prinsessa på erta”, og Jan Ivar er eventyraren frå “Den flygande kofferten”. Etter ein time med forestilling tek me fram kassar med rekvisita og kostyme, og elevane får laga sitt eige teater.

På toppen av dette har eg hatt ein oversetjarjobb, og ja…
eg har rett og slett full stilling i skule og kulturskule og, og fire ungar har eg framleis i heimen…
Dette inneber mellom anna ei stor forestilling med kulturskulen rundt tre av eventyra til HC Andersen og skuleteater i form av ein musikal om Snehvit og dei sju dvergane: Det siste må eg ha klart om 14 dagar, og eg har ikkje begynt å skriva…

Still crazy after all these years… Men dette går bra denne gongen og… Og neste år, då skal eg prioritera eit rolegare liv, det lovar eg…

Og nå skal det nok bli swing på tekstane mine her…
Trur eg…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    oj oj oj …
    Inte undra på att du inte haft tid att skriva här 🙂

  2. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Jag blir alldeles hjärtängslig – du får inte pressa dig för hårt!
    Man kan bli utbränd av att göra roliga saker också! Men du sägar ju att det ska gå bra, så då får vi väl tro det.
    Kram!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Ja, det går bra. Kjenner meg ikkje eingong spesielt sliten akkurat nå. Var mykje trøyttare før jul. Men eg veit at ein ikkje skal overvurdera eigne krefter. Har stor respekt for å strekkja ting for langt. Sjølv har eg heldigvis alltid kome ned med beina på jorda, men det å ikkje gjera det er ei erfaring eg godt kan klara meg utan. Takk for omsorg og omtanke. 🙂

Kommenter innlegget