Gå til innhald

Etyde først i mai.

mai 2, 2005

Ei kvinne går i eit månelandskap forma av sand-dyner. Dei mjuke organiske formene møter føtene hennar. Ho konsentrerer seg om å gå, ikkje om noko anna. Ho kjenner at anklane og vristene hennar tilpassar seg underlaget slik at ganglaget blir mjukt og fleksibelt. Sanden er bunden fast til landskapet med gul marehalm, men over små stier er marehalmen slitt vekk slik at den kvite pudderaktige sanden kjem fram. Sanden trenger seg inn i opningane i skorne hennar.

I grenseoppgangen mot havet er det eit smalt belte med utsikt ned mot havet. Kulelandskapet flatar ut og fell i klitteformasjon bratt mot sandstranda. Ho går ikkje ned til den flate stranda der bølgene slår i puls- slag mot sanden. Ho blir bare roleg ståande på toppen av verda. Ho står der taus og ser. Landskapet bleiknar inn i vårnatta medan disen ligg som eit slør mot horisonten.

Etter ei stund snur kvinna seg og går. Den okergule monotonien ho rører seg i gjer henne godt. Utan ord og mimikk blir ho gåande heilt til alt er stille. Ho har lengta etter eit lerret å kvila tankane mot.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Jag hängde med länge – och så fint det var – men vad är lerret?

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Lerret er sånn oppspend tøy som ein malar til dømes oljemaleri på. Kva heiter det på svensk? Målduk?

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Aha! Jag tror det heter något liknande på danska, faktiskt. På svenska säger vi kanvas.

  4. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Ja, det heiter nok lerred på dansk.I Norge kan me kalla eit bestemt tøy til å brodera på for kanvas. Ei brodernål kan me kalla ei kanvas- nål.

Kommenter innlegget