Kirsebærtreet
Kirsebærtreet
blømer rosa om dagen,
ikkje om natta…
Ikkje mitt kirsebærtre då, for det står framleis nakent.
Derimot er det eit haiku-dikt som ein av elevane på skrivekurset skreiv i dag. Vakkert-.
Dei kjem dit, ni jenter og ein gut på 12-13 år for å utvikla seg som skribentar. Det er første gongen me prøver noko slikt. Det er eit spennande prosjekt. Me begynte sist torsdag, og det gav meg ein voldsom energi å oppdaga at desse elevane, midt i spennet mellom tenåringar og barn, faktisk var oppriktig interesserte i skriving. Dei var seriøse og flinke, og etterpå skreiv dei i loggbøkene sine at dette hadde vore endå kjekkare enn dei trudde, og at dei gledde seg til neste gong. Slikt er jo balsam i øyrene på ein skulelærar som alltid er vant med at det er ein prosentdel av klassen som det tek masse energi å motivera for arbeid.
Og i dag kom verkeleg sommaren. Det var uvant varmt ute. Sikkert minst 20 grader, – merkeleg kjensle.
I løpet av dagen er eg blitt betre av forkjølinga og, men eg er stuptrøytt etter å ha blitt vekt av eiga hosting, mjauing frå kattar som vil inn, og sjuke barn fleire gonger i natt.
Dessutan var det eit par harde tak på jobb i dag, som og kjennest i ryggmargen. Eit resultat av det er at eg må koma meg til ein optikar for å sjå om han klarer å vri brillene mine på plass att.
Eit vakkert bilete frå i dag. Eg samlar nemleg på slike: I køen på butikken stod eg bak ein lettare utviklingshemma mann som var ute og handla i lag med ei som truleg hadde som jobb å hjelpa han. Både hjelparen og kassadama var så vennlege og tålmodige. Dei gav så tydeleg mannen ei oppleving av å klara kvardagen sin, og av å vera verd noko. Kassadama smilte like hjarteleg tredje gongen han kom med same spøkefulle kommentaren til henne. Og begge nikka oppriktig interessert då han for fjerde gongen fortalde at i dag skulle han ringa til mor.
Små lys av venleg omtanke er noko det gjer meg så godt å registrera. Bare prøv å legg merke til det, det gode finst faktisk, som små stjerner glimrar dei på himmelen over vanlege torsdagar.
I morgon har eg fri. Det skal bli godt.
Heidi.
samler også på slike hverdagsopplevinger 🙂 det er krydder i kvardagen!
Franskjenta skal studere kunst til neste år – kanskje hu og Ingrid skulle få teikne litt i lag? klem i sammarvinden
I morgon skal Ingrid sin klasse ha utstilling på Fotland Mølle. Trur det opnar klokka 13.00. Kanskje dokke har lyst til å koma.