Gå til innhald

Taus og mystisk dame på veg mot sommare

mai 6, 2006

I dag har naturen pynta seg i eksplosiv fart. Bjørkene har fått grønt slør, og plutseleg står det ein raud tulipan og smiler i bedet mitt, sånn heilt utan vidare. Vinden har vore sterk og varm, og eg har tørka klede på kledestativet i hagen.

Det er ei merkeleg greie med meg og klesvask på tørkestativet. Eg trur det er rett å seia at det er det husarbeidet eg liker å halda på med. Eg som ikkje er systematikar i det heile tatt, liker å henga opp reine såpeluktande klede etter bestemte system på snorene.
Ei snor for kvar person, og kleda hengde etter strenge reglar, underklede, T-skjorter, skjorter, genserar osv. I tillegg skal det sorterast etter farge og tekstur…

Kanskje ein psykoanalytikar ville funne denne bristen i mitt vanlege ikkje- system interessant. Truleg er det slik fordi det er ein så forenkla form for system i ein så liten krok av tilværelsen at til og med eg lukkast i systematikken…

Eg var ein tur hos onkelen min og plukka liljer. Eg plukka ein handlepose full av påskeliljer, og ein vase full av andre variantar, heilt kvite, kvite med gult i midten og gule med oransje i midten. Dei er så fine.

Eg tok med ein bukett med påskeliljer til venninna mi. Då eg kom inn i huset hennar hadde ho ein halv millimeter hår på hovudet. Ho går på cellegift, og håret vart så tynt at ho bestemte seg for å ta det bort. Fine, modige venninna mi. Heldigvis går alt bra så langt med behandlinga. Etterpå tok ho på seg den nye parykken, som var så fin så fin. Eg ville aldri ha gjetta at det var ein parykk, trur eg. Ho las Piet Hein dikt for oss om å gjera tida stor og god. Og eg sa at i kveld torde eg ikkje by på klemmar fordi eg var redd for å smitta henne med hosten min.

Me var fem venninner i lag. Me møtest ein gong i månaden for å diskutera bøker og livet generelt. Aller mest det siste for å vera ærleg. Det er alltid fint.

Og eg kjenner eg har noko å trena meg på: Å ikkje fullføra setningane for andre. Det irriterar kjærasten min grenselaust at eg gjer det, og i kveld tok eg meg i å gjera det fleire gonger. Eg trur eg skal slutta å snakka så mykje. I staden skal eg bli taus og mystisk…

Heidi

From → Uncategorized

3 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Tyst ochy mystisk? Det kan du lägga ned. Jag har försökt flera gånger i olika sammanhang. Det är inte för såna som vi! 😉
    Visst är det underbart när allt sätter igång att växa!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ser ikkje vekk frå at du kan ha eit poeng, Tintomara…

  3. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Ler, bara ler…
    Och igen: det blir så varmt och lugnt i mig när jag läser dina texter ❤

Kommenter innlegget