Gå til innhald

Erotikk, -takk?

mai 7, 2006

Eg har nå teke del i ei “midt-på-natta-forestilling”. Eg kjem frå eit lokale dekka av persiske teppe, innreia som eit rom i palasset til kalifen. Alle måtte ta av seg på føtene før me slapp inn. Midt i romet stod det ei dame på ein plattform og dansa magedans til orientalsk musikk. Me fant meir og mindre behagelege måtar å setja oss ned på for å nyta synet.

Det var Synneva si forestilling, den ho har øvd på i fleire månadar. Ho fortalde erotiske historiar frå 1001 natt, og gjorde det veldig dyktig. Vove inn i forteljinga var det magedans og musikk. Ein mannleg dansar i orientalske klede kom dansande inn med ei vannmugge med kokande vatn. Denne vart tømd i ei stor glas-skål med lotusblomar i og desse opna seg langsomt, noko som vart vist på lerret framme.

Det heile vart toppa av ein italiensk teiknar som teikna i sand. Han laga humoristiske og erotiske illustrasjonar i takt med forteljinga og musikken. Folk låg og sat på teppene i halvannan time. Alt i alt ei annleis teater-oppleving. Me kjende eit streif av ei anna tid og ein annan kultur.

Dette har vore ein like varm og fin dag som den i går.
Eg vart vekka av glade menneske og smellande sjampanjekorkar. Dotter til naboen gifter seg og hadde utrikningslag… Det var sjeldne og koselege lydar å vakna til.

Etter lang frokost på kjøkkenenet, spaserte eg i gatene med kjærasten min. Optikaren retta opp dei forvridde brillene mine så lett som bare det, og ingenting ville han ha for det. Han sa at eg skulle betrakta jobben som rein servise, og bad meg helsa til eleven som hadde forårsaka det heile… Etterpå gjekk me rett på Johanne. Eg sa at siden englane hadde kviskra til meg at me skulle treffast i dag så hadde eg ein tekst til henne i veska: Det var bryllaupssalma mi, ein av dei to tekstane eg har tenkt å senda til salmekonurransen. Ho har lova å laga melodi til,
og dåpssalma har eg gitt til Anne Kristine.

Ingrid sin formgjevningsklasse har utstilling denne helga.
Temaet var Jæren, området der me bur. Dei hadde leigd eit ekte utstillingslokale: den vesle mølla der eg var med på å ha påskeutstilling i fjor. Ingrid og ei klassevenninne hadde laga ei tredimendjonell ku i gips dekka av “ku-skinn” med rosa jur og små gummistøvler på beina. Denne har eg nå innlemma i kunstsamlinga mi… Ingrid sin mormor og morfar kom for å vera til stades på den første utstillinga hennar, og me drakk kaffi i lag med læraren hennar.

Så var det henting av Sunniva som hadde vore på skuletur. Turen var lenger enn eg hadde trudd, og hentinga tok meir enn tre timar. På veg heim stansa me og plukka blåveis i ei grøft. Me kjørte langs havet, og akkurat nå er det så vakkert ute at ein blir mjuk inni seg bare av å sjå på.

Vel heime så var det alt det som alltid skulle ha vore gjort for lenge sidan, og i tillegg var det friterte scampi, fersk tagliatelle, dressing og wok- grønsakar. I morgon skal me i konfirmasjon, og eg har til mi forferding oppdaga at skjørtet som Sunniva skal ha på seg er borte-vekk… Og det viser seg at ho har ingen andre ho kan bruka heller… Heldigvis så må eg snart kvalifisera til doktorgrad i improvisering, og all erfaring tilseier at det ordnar seg nok på eit eller anna vis. Nå høyrer eg at Ingrid kjem heim, så då kan hønemor finna vaglet sitt ho og.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget