Swiftly flow the years…
Då eg vakna visste eg kva eg måtte. Eg måtte skunda meg til Allerkjæraste Syster for å sjå om eg kunne finna eit skjørt eg kunne låna til Sunniva, slik at ho kunne vera fin i konfirmasjonen. Eg har fått ein frykteleg mistanke om at eg tok alle skjørta til Sunniva med til skulen for tre veker sidan slik at dei kunne brukast til kostymer på “Frida Froskenfryd.” Eg veit at eg tok med eit par skjørt i alle fall, men eg tok dei då heim att? Kor i all verda har eg lagt dei?
Det er farleg å verkeleg brenna for noko. Ein blir heilt utan grenser. Viss eg er på jakt etter ein tøybit i rett farge på premieredagen, ja då ligg stovegardinene mine tynt an, om dei har akkurat den fargen… For familien min er det ein vanesak å sjå klede og personlege eigedeler att på scenen… Det er i og for seg ikkje noko eg er stolt av, eg bare innrømmer at det er slik…
Men altså, skjørt: Aller kjæraste syster hadde lagt att seks skjørt før ho drog på skulen, og eg tok med alle seks heim for å sjå kva som passa best… Og Sunniva vart fin og rosa og så nydeleg at eg vart mjuk inni meg bare av å sjå på henne.
Klokka elleve var eg og Sunniva klare til konfirmasjonsgudstenesta i ei av frikyrkjene her, der skulle nabojenta konfirmerast, og me var inviterte. Kjærasten min har vore konfirmantleiar i vår eiga kyrkje, så han gjekk for å vera med på konfirmasjonsgudsteneste der.
Dei var bare tre konfirmantar, og alle fekk mykje fokus. Dei to jentene dansa ein sjølvlaga dans, dei vart presenterte ein og ein på storskjerm, og me såg biltete frå ein tur til utlandet. Alle tre fekk snakka om korleis dei opplevde undervisninga dei hadde fått, og dei var framme på plattformen og fekk forbøn. Det var tydeleg at denne vesle frikyrkja verkeleg hadde gjort alt for at
ungdomane skulle trivast. Som alltid når eg er med på dåp eller konfirmasjon, så gråt eg så maskaraen skvatt…
Far til konfirmanten hadde bestillt ein gresk kokk som aldri dukka opp, men han er ein handlingens mann som etter fem minutt med tiltakande panikk, bretta opp skjortearmane, og gjekk i gang med å laga middag til sine femti gjester sjølv…
Dei Columbianske gjestene dansa i nasjonaldrakter, og kakebordet bugna av kaker. Konfirmanten song ein sjølvlaga song om å bli trøysta av Gud når alt kjendest trist, me song oss gjennom eit heilt hefte med heimelaga songar, og brørne til konfirmanten dansa til musikken av YMCA. Dei gjorde det ikkje for å visa at dei kunne, snarare tvert om… Sambuaren til eldstebroren hadde intenst lysande sjokkrosa hår til den heilnorske bunaden. Fascinerande.
Som dei så treffande syng i “Spelemann på taket”. “Is this the little girl I carried? Is this the little boy at play?
When did she come to be a beauty? When did he grow to be that tall? Wasn`t it yesterday that she was born?”
Og her sit eg og høyrest plutseleg ut som ei gammal sentimental tante… Spooky…
Kjærasten min ser på golf på TV. Framleis må verda vera på hengslene… Og i kveld skal eg i alle fall leggja meg før tre…
Trur eg…
Heidi
Gå och lägg dig!
der tok tårene meg….
whn de she become that beauty? When did she grow to be that tall?….
Uendelig vakkert bilde av livet…