Gå til innhald

Eit halvt hjarte.

mai 11, 2006

Då eg var lita var øya eg budde på eit halvt hjarte. Ein dag sette stormen inn. Det haldt fram med å blåsa i fleire veker…

Innleiinga har eg stole frå ei av jentene på skrivekurset mitt. Det er med andre ord skrive av eit barn på elleve år, som ei innleiing til ei lang, poetisk og ufullendt historie. Eg lar meg imponera. I dag var det tredje gongen med skrivekurs. Til nå har alt fungert som eg hadde kunna håpa. Før dei går heim skriv dei i loggbøkene sine ting som: “Dette var heilt enormt superkjekt,” “ eg skulle ynskja kurset varte i tre timar og ikkje i to”, og “eg gler meg allereie til neste gong.”

Dette høyrest opplagt ut som sjølvskryt, men ærleg talt: Det er ingenting hokus-pokus i det eg gjer. Eg undrar meg sjølv over responsen. Kanskje kreativ skriving rett og slett er ein undervurdert kulturaktivitet for barn og ungdom? Eller er det det at det er stort for desse skuleflinke jentene og den eine guten ,at ting er på deira premisser? Dei får oppgåver til å strekkja seg på, masse merksemd og den hjelpa dei treng?

Eg veit faktisk ikkje sjølv. Eg kjenner at eg får litt prestasjonsangst. Framleis har me bare hatt tre av femten kurskveldar. – Men eg får gle meg så lenge alt går så bra og ta utfordringane når dei kjem… Eg kjenner eg brukar masse energi i alle fall. Nå har eg to dagar i veka der eg går rett frå skulen over i kulturskulen. Det er ganske intenst. Den eine dagen har eg skrivekurs, den andre dagen drama/teater.

Så nå får eg samla krefter til å gå ned og ta ein omgang oppvask. I morgon kjører me til austlandet for å henta heim eldsteguten, som er ferdig med året sitt på folkehøgskule. Han gruer seg fælt for å bryta opp. Eg trur han har hatt eit fantastisk år der. Nå blir det spennande å finna ut kor vegen går vidare.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget