Litt ør og omtåka.
Etter halvanna døger er eg tilbake. ør og omtåka etter hundre mil i bil, litt lite søvn og mange sterke inntrykk…
Eg halvsov meg austover på fredag. Eg kjende eg var så trøytt, og det var så godt å sitja med lukka auge og lytta til ei gammal Cat Stevens- plate som kjærasten min hadde lasta ned frå nettet. Då eg innimellom opna augene, var landskapet der ute som eit eventyr: Nyutsprunge grønt i alle nyansar, blømande frukttre i kvitt og rosa og innimellom gul forsythia.
Det vart ein kveld med svigerfamilien, og tidleg opp i dag morges for å nå fram til folkehøgskulen i tide. Først var det samling i kyrkja, og elevane var stivpynta i bunadar og svarte dressar. Det var korsong, song og helsingar, og alle elevane vart nemnde med namn i forbøna. Eg hosta så eg haldt på å brekka meg, og lurte på om eg måtte gå ut, men sidan eg var i så godt selskap, det hosta og harka nedover alle benkene, så våga eg å bli… Me kom litt for seint så eg fekk ikkje helsa på Odd Christian før me skulle ut av kyrkja. Eg vart ståande ytst i benkerada og venta på han. Eg gledde meg til den varme klemmen som eg heilt i tråd med forventningane fekk då han oppdaga meg.
Etterpå var det samling i gymsalen med meir song, musikk og utdeling av vitnemål. Eldsteguten min var så vaksen og litt framand der han stod med dei andre. Eg må rett og slett innsjå at eg er mor til ein vaksen mann.
Samlinga ende med at alle elevane stod i ring rundt foreldra, haldt einannan i hendene og song. Odd Christian og Leif Olav vart ståande på sida av ein annan. Dei har gått i lag dette året på folkehøgskule. Odd Christian og Leif Olav har kjend einannan heile livet: Eg såg dei for meg som treåringar, som seksåringar og nå skal dei snart fylla tjue.
Etter middag og marsipankake til alle dei frammøtte, var det klart for avreise, men me måtte venta i både ein og to halvtimar på at han skulle bli ferdig med alle klemmerundane. Først i september kjørte me han bort og var vitne til alle desse atten-nitten-åringane som møtte einannan for første gong med avventande interesse. Nå fekk me vera vitne til at dei same ungdomane hang rundt halsen på einannan og gråt hjarteskjerande fordi dei skulle skiljast… Eg snakka med eit par av lærarane som sa at det hadde vore eit fantastisk år. Dei sa fine ting om guten min, og slikt er ein jo alltid svak for. Eg ser at dette året har gjort han godt. Nå blir utfordringa å gli inn i ein sommar som heimebuar og så får me sjå kva dører som opnar seg. Studier eller sivilteneste…
Som for å komplettera dagens tema spela dei ikaros på bilradioen:
“Låt den du elskar få pröva sina vingar,
en dag så flygar din elskade rett,
om du vil respekterast av din avbild
får du visa din avbild respekt”
Måtte Gud gjera meg klok nok til å sleppa taket på på ein god måte. Her har eg fire barn som snart skal ut på eigne venger.
Eg er metta på inntrykk og er ganske sliten. Kanskje ei avis kunne vera noko?
Heidi
Nå vart eg fanga igjen – av augenblikk og sterke kjensler. Du har ein eigen evne – med ord – til å gå inn i slike vakre stunder i livet…
Tusen takk, May Brit.