Sundag midt i mai…
Ulempa med å dela seng med eit A-menneske kan for eksempel vera at ein blir vekt klokka halv sju ein sundag av at personen på sida av deg har tent lampen for å lesa. Og akkurat når du held på å somna om, er same personen i ferd med å stå opp med alt det måtte innebera av slamring med klesskapdører og romstering på soveromet.
Eg fann ut at eg like gjerne kunne ta konsekvensen av å ha fått meir sundagsføremiddag enn eg hadde trudd. Lesing på senga er ikkje det dummaste ein kan ta seg til.
Og som sagt: Kirsebærtreet blømer…
Eg har vore på gudsteneste og sett barn på fire år leika brødunderet, for så å dela ut pitabrød i benkeradene. Fireåringar er så flotte… Skulle gjerne hatt ein på den alderen att…
Eg har hatt ein roleg sundag, sånn stort sett til stades i heimen. Odd Christian og eg har sitte med beina under oss i sofaen og sett på Australiabilete og lese i skulekatalogen hans. Ute var det nordavind og bare fem-seks grader, så me hadde alibi for å ikkje gå ut i sola.
Halvard spelar på pianoet. “Balade pour Adeline” som eg hugsar som noko bortimot ei landeplage på midten av syttitalet med Richard Claydermann. Det er merkeleg korleis enkelte melodiar bare smyg seg inn i øyrene på alle som høyrer og blir der etterpå. Odd Christian spelar gitar og syng. “Bruk stemmen din og syng skikkeleg ut,” seier kjærasten min. Ein liten tur til foreldra mine vart det og tid til, med Ingrid og Oddvar i baksetet. Far klemmer meg når eg kjem og seier “Og koss går det med eldstejenta mi i dag då?” På sett og vis held ein aldri opp å vera barn i foreldreheimen… Som eit apropos til min eigen evig pågåande debatt med meg sjølv om å innsjå at barna er store.
Nei, sova var det viss eg skulle. Eg får avslutta med den gode lukta av nybakte rundstykke som framleis vibrerer i heimen etter kveldsmaten. Eg hadde lova å baka, men klokka var over ti før eg var ferdig… Astrid stakk innom på veg forbi huset, men ho hadde ikkje tid til å venta til dei var steikte… Men godt vart det med gul ost og smør som smeltar…
Heidi
