Gå til innhald

Hvor bliver Ormen Lange?

mai 17, 2006

… kommer ikke Olav Tryggvasson?

Under barnetoget haldt regnet seg unna. Eg vinka og hoia på barna mine, både dei heime og dei på jobb, og alt var fint og stemningsfullt. Sidan me har sjuandeklassing i heimen, var det vår tur til å ta ansvaret for arrangementet på skulen. Mi vesle oppgåve var å administrera eit ringspel. Dei som traff med ein av ringane fekk premie, og dei som ikkje traff med nokon av ringane fekk to karamellar. Det var ei koseleg oppgåve, sjølv om det etterkvart begynte å regna. Eg kjenner det i korsryggen etter å ha bøygd meg ned eit par hundre gonger for å plukka opp att ringane kvar gong ein var ferdig. Rett nok hjalp Sunniva meg i ein periode, men ryggen min fekk ta tyngste støyten.

Vel heime var det fram med tjukk genser for å få varmen i meg. Så skulle Ingrid kjørast til Vik for å eta kalkun med Oddvar sin familie, inkludert fleire par besteforeldre.
Eg skrudde på radioen og fekk tilfeldigvis litt mannskor.
Mannskor er eg svak for. Og eg kjørde ein halvtimes tur langs havet for å sjå på flagga, bølgene og bjørkene samtidig som eg song med for full hals på “Når fjordene blåner,” og “Norge i rødt, hvitt og blått.” Nokre sære ting skal ein då tillata seg på sjølvaste nasjonaldagen…

Så var det heim til rømmegraut og spekemat og baking av rundstykke. Eg vurderte å droppa folketoget, men eg måtte liksom ha det med… Syttande mai nevrose? Ein kan ikkje gå glipp av musikkorps og marsjerande fotballspelarar i høljeregn. Korleis skulle ein kunna det?

Eg er akkurat kome heim frå syttande mai-selskap hos Astrid og Jon der ti vaksne og ni barn og ungdomar har ete rundstykke, kaker is og kringle. Den varmaste opplevinga i dag: Me har fått plukka inn det klissvåte flagget frå verandaen og går inn for landing.

HVor bliver Ormen Lange?
Kommer ikke Olav Tryggvasson?

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Ni är ju bara för härliga i Norge med 17 maj!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Men de feirer ein del dagar som me ikkje feirar f.eks Valborgsmess.

Kommenter innlegget