Gå til innhald

Bjørk og jord, gras og brudespirea.

mai 20, 2006

Eg kjørde heim i natt. Eg opna vinduet på gløtt. Litt fordi eg var trøytt, men mest fordi eg elskar lukta av forsommarnetter like etter at det har regna. Denne kjølege, litt skarpe lufta med krydderlukt av bjørk og jord, av gras og brudespirea. Framfor lyktene mine dreiv det trolske tåkedottar, og ein plass måtte eg stoppa heilt opp fordi ein sau med lam stod midt i vegen.

Eg hadde vore i lag med venninnene mine frå barne-og ungdomsskulen. Me prøver å møtast ein til to gonger i året. I dag åt me laks, aure, crabsticks og salatar og såg på idolfinalen før me gjekk over til å løysa verdasproblem.

I dag har Sunniva feira gebursdag. Den vesle solgaven av ei jente er blitt tenåring i dag. For tretten år sidan blei ho henta ut gjennom eit hol i magen min. Ho var allereie då smalare og spinklare enn nokon av syskena var ved fødselen. Eg hadde gledd meg utruleg mykje til å få eit spebarn att etter fire år, og det var kjærleik ved første blikket.

Ingrid har ein gong lagt fram ein dyster spådom om at Sunniva kan koma til å få eit skikkeleg ungdomsopprør fordi ho har vore alt for snill som barn, men så langt har me ikkje sett noko til det. Storesyster gav henne eit portrett ho hadde teikna av henne med eit gavekort på klipping, sminking, striping og stritting av hår. Gjett kven som skal utføra tenestene… Og på kortet stod det:“Du må ha arva alt godt som er å få frå begge sider av familien. Gratulerar med dagen, vesle tenåringen min.”

Eg hadde fri frå jobb i dag, så eg har bakt bløtkake med italienske jordbær på toppen, og sjokoladekake i randform. Odd Christian overtalte meg til å ta han med ut på lunsj på ein kinarestaurant… Det var koseleg å ha han heilt for meg sjølv og bare prata.

Klokka seks kom gjestene. Dei var sytten jenter på tolv-tretten år, dei fleste frå Sunniva sin klasse. Dei åt tacos og tortillas, og fekk gele og kaker til dessert. Stemninga var høg, og det var mykje lyd i huset. Noko som imponerer meg litt, er den evna til å gje kompliment og omsorg til kvarandre. På korta stod det ting type: “Du er fantastisk snill og omsorgsfull, ein kan stola 110% på deg. Eg kjem alltid til å vera glad i deg. God klem frå…” Og slik er tonen. Der trur eg jentene har ei stor styrke i ein til tider krevande kvardag. Så flink var ikkje eg til å rosa andre så eg var tretten år. Det er eg mest heilt sikker på…

Vakker mai-natt eller ikkje… Nå går augene mine i kryss.
Får vakla ned til senga. God natt, god natt…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget