Gå til innhald

Desperat…

november 1, 2006

At desperasjonen min skulle opptre på akkurat dette planet hadde eg aldri drøymt om. At eg skulle bli til dei grader avhengig liksom…

I dag morges, fekk eg ein melding frå mor til ei av mine søte små jenter, som fortalde at dottera var litt forsinka. I det eg hadde svart ok med smilefjes, og skulle trykka send, sa det pling i mobilen min, og han vart svart.

Svakt batteri, tenkte eg og la batteriladaren i skuleveska mi. Vel framme i klasseromet fekk eg kopla mobilen til ladar og stikk-kontakt, men ingenting skjedde…

Eg tenkte at det kunne vera noko rart med kontakten i mitt splitternye klasserom, og prøvde ein annan kontakt. Etter nokre timar, kobla eg han til kontakten i arbeidsromet vårt. Framleis ingen reksjon. Vel heime fann eg ein ny ladar, bare i fall det var feil på ladaren, liksom. Ingen reaksjon…

Eg heiv meg i bilen og drog ned til mobilkiosken. Kunne det vera batteriet som var oppbrukt? Ikkje umogleg, meinte den unge ekspeditøren, men batteri hadde dei ikkje på lager, sjølv om det var ein spesialbutikk.

– Får de inn snart? undra eg.
-Nei, då må me bestilla til deg. Det blir dyrt. Du må rekna
med 500-600 kr. Det vil lønna seg å kjøpa ny mobil. – Ny mobil? Men kor lenge skal eit batteri vara? – I ca halvanna år. – Betyr det at ein må skifta mobil etter halvanna år?
-Ja, i praksis. Mobilar er blitt skikkeleg forbruksvare! – Kor mykje kostar ein ny då? (Kjenner meg desperat.)
-Du vil sikkert ikkje gå ned i standard… Frå femten hundre og oppover…
-Ein mobil er ein rein bruksgjenstand for meg. Kva kostar den billigste uten bindingstid?
-Sjuhundre og femti!

Eg var klar til å kjøpa, men Ingrid bad meg besinna meg.
“Du er jo heilt desperat, mor” sa ho. “Vent og tenk!”

Ja, eg innser det, eg er desperat. Eg vil vera tilgjengeleg over alt, for foreldra mine, kjærasten min, barna mine og vennene mine, for foreldra til elevane mine og akkurat nå meir enn noko for aller kjæraste syster…

Merkeleg kva behov ein får. For tre år sidan sa eg at mobil hadde eg då ikkje behov for… Nå får eg panikk om eg skal bort i tre timar og gløymar å ta han med meg…
Eg spør meg sjølv om det er klokt å vera så tilgjengeleg, men orkar ikkje å grubla over mitt eige spørsmål…

Heldigvis har kjærasten min kartlagd at dei sel nye batteri for to hundre kroner på biltema. Og i tillegg driv eg eit nytt desperat ladingsforøk. Prøver ut om mitt batteri let seg lada i Sunniva sin mobil…

Heidi

From → Uncategorized

9 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    synneva permalink

    Det är synd om manniskonrna, seier August Strindberg i Et Drømspel. Ja, det er synd om oss….
    Me klarer oss ikkje lenge utan den «tekkelegien», som Jan Ivar brukar å seie. Lukke til, ven! Ver glad du har internett! Heilt til straumen går….

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja tenk, for ti år sidan ante eg truleg ikkje kva internet var eingong…

  3. Ukjend's avatar
    borghild permalink

    eg kjenner meg igjen! eg lagrar alle avtaler på mobiler! så hvis eg skal i eit møte i morgon kl 2 så gjer mobilen beskjed ein time før… somregel veit eg om avtalen, men det hender rett som det er at eg blir minna på ting som eg har heilt glømt av.. som i går.. jobba på skulen til 3 så peip mobilen halv 4: «badevakt i klepphallen» så det blei jobb ifrå halv 9 om morgonen til kvart over 10 om kvelden…. !!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Og endå fekk du tid til å laga sirupskaker? Driftige dame. (Las bloggen din som du forstår…)

  5. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Och jag som envisas med att ha min mobil som paniktelefon! Aldrig påslagen, bara med om jag skulle behöva ringa efter hjälp. Eller om jag vet att någon ska ringa…

  6. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Jag går aldrig någonstans utan mobilen i jeansfickan. Det var min räddning när jag snavat och trodde foten var bruten. -Det är ett elände att byta mobil tycker jag, även om det rä samma märke är det så mycekt nytt att lära sig.

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Av ein eller annan uforståeleg grunn fekk eg til å lada han til slutt… Får sjå koss det går. Seier det same som degTintomara. Mobilar og ein del andre ting skal helst vera uforanderlege…

  8. Ukjend's avatar
    Pål (telekiosken) permalink

    Hei Heidi!
    Med mindre du har en veldig gammel mobiltelefon, skal jeg klare å skaffe det til kr. 299,- her på «mobilkiosken» også!
    500-600 kroner var vel dyrt, men jeg skal ikke klandre selgeren da vi så og si ikke selger batteri og han antageligvis ikke er helt klar over prisen. Men gi meg merke og modell så skal jeg se hva jeg får til (med mindre du allerede har kjøpt)!

    Det var forøvrig Leif som tipset meg om dette innlegget! Kjekk side dette her 🙂

  9. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Hei, Pål. På eit eller anna mirakuløst vis virkar batteriet nå etter å ha blitt lada i ein annan mobilkasse. Ikkje spør kvifor… Skjønar jo at eg er heilt fosil som går og trur at eit batteri er noko ein skiftar ut når det er oppbrukt… 😉

Kommenter innlegget