Gå til innhald

Eg er så stolt…

november 14, 2006

…Av boka eg har laga i lag med elevane på skrivekurset. Ho vart så fin med fargeillustrasjonar frå elevane på kunstfag. Det kjendest bra å ha eit resultat i handa. Bare synd at det er ein og annan skrivefeil sjølv om eg synest eg har vore sååå nøye med å lesa korretur… Men det får me leva med.

På torsdag skal me ha forestilling der dei les høgt frå eigne tekstar med musikk innimellom. Eg ser fram til det med litt skrekkblanda fryd, for me har ikkje fått øvd så mykje som eg helst ville.

Livet bare skjer og skjer i eit forrykande tempo og eg heng med så godt eg kan. Tre teateroppsetningar slost om plass i hovudet mitt på sida av jobb og skrivekurs. Så heldig eg er som får brukt kreativiteten min heilt til smertegrensa… Og så forferdeleg vanskeleg å setja grensene ein fornuftig plass.

Eg må læra meg eit knep eller to, trur eg. Ein gong lærer eg vel?

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Kjæraste Heidi! Er det ikkje godt me har 24 timar kvart døgn?? Heldige dei som får vera elevane dine!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk du min trufaste sekundant. Love you.
    Nå er klokka eitt. Kanskje på tide å leita fram senga?

  3. Ukjend's avatar
    May Brit permalink

    Gratulerer Heidi 🙂 Skrivefeila er bare søte – et bilde fra livet – den største ennsikt kjem frå det uperfekte…

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Søte skrivefeil… Det skal eg leggja meg på hjartet 😉

Kommenter innlegget