Påskeferie…
velfortent sådanne, vågar eg å påstå. Nå må eg bare sova meg inn, slik at eg blir vaken, sterk og klar for det meste…
Påskeferien vart innleia med ei fargerik rekkje sosiale hendingar med kolleger. På torsdag var alle på trinnet ute og åt nydeleg mat på den staden som alltid luktar kvitlauk, sjokoladekake, ost og nybakt brød.
Same kvelden sat me fire lærarane på trinnet på Marit sin glasveranda og åt thai-suppe med tende stearinlys, medan me såg sola gå ned i havet. Eg var så trøytt då eg kom, og det var så nydeleg å bare sitja der sveipt i mørket og dei vennlege stemmane.
På fredag hadde me utefest med elevane våre. Me hadde lova dei ein premie dersom dei klarte å lesa tilsaman
femtentusen sider i løpet av tre veker. Først dagen før vart det klart at dei kom til å klara det… Me stilde dei opp på ei lang rekke og gjekk ein kilometer eller to. Så grilla me pølser og marshmallows, og let dei drikka brus som me hadde kjøpt inn i store mengder, noko dei ikkje ein gong får lov til på avslutningsfestane lenger. Så var det fotball og karnevals-stafettar, dei kappsprang med egg i skei og åt bollar med og utan rosiner. Til slutt hadde påskeharen lagt ut eit gigantisk raudt påske-egg med påskegodteri til alle. Ein heidundrande fest for niåringar med masse sukker og få moralske peikefingrar. Veldig vellukka, rett og slett…
Etterpå var der cappuccino på kafé med eit nytt knippe yndlingskolleger. Det var så godt å setja seg ned der at me mest ikkje fekk reist oss opp att. Om kvelden var det dameselskap hos Bjørg som fylde seksti, der fekk eg vera med som absolutt yngste deltakar. Morgonen etter var eg på frokost med frukt, jordbær, nøter og te og ein påfylgjande tur i vårsola. For min del vart det ein kort tur fordi eg oppdaga at eg hadde kjærasten min sin bilnøkkel i lomma, og han hadde tenkt å bruka bilen…
Fest og moro og sosialt samver, det er tingen for slike som meg, men i går var eg så trøytt at eg sovna på sofaen med avisa mellom hendene…
Og framleis er eg søvnig. I dag fekk eg med meg Sunniva til kyrkja og gråt av rørelse og svevnmangel då seksårinigane kom inn i kvite klede med palmegreiner og song hosianna. Ein kvitkledd seksåring trona oppå eit heimelaga esel på hjul som vart trilla opp midtgangen.
Odd Christian er heime på påskeferie og har spelt gitar og sunge nede på kjøkkenet. “There is a house in New Orleans they call the rising sun…” Sidan han er heime så sjeldan får han alt han peiker på, tortillas og tacos og nysteikte scones. Og syskena murrar lett over det bortskjemde eldstebarnet…
Utpå kvelden kjende eg på ei rastlaus uro. Kva skulle eg bruka resten av denne dyrebare fridagen på? Slik er det alltid dei første dagane i ein ferie. Appetitten på det frie liv er så stor at eg mest ikkje klarer lena meg tilbake mot det. Skulle eg gå ein tur? Leia ein film? Stikka innom nokon med ein bukett påskeliljer fordi eg visste dei fyllde år i dag?
Alt kjendest ut som gode alternativ, samtidig kjende eg meg for trøytt til alt saman. Så blei eg invitert til å sjå film i kjellarstova saman med Halvard og Sunniva.
Innetulla i tepper og dyner, fordi me ikkje orka fyra i omnen såg me Harry Potter 3. Eg somna eit par gonger, men fekk med meg det aller meste. Etterpå bakte me ostescones og laga krydderte og livet fell på plass.
Nå skal eg sova. Sova meg inn var det eg skulle… Og i morgon må eg ein tur på jobb for å ordna alt eg ikkje rakk før ferien. Men ingen vekkerklokker i morgon tidleg.
For ein luksus.
Heidi