Objection…
Beskjed til meg sjølv: NÅ GÅR DU NED OG RYDDAR HUSET!
Svar til meg sjølv: Ja, eg lovar, eg skal rydda heile dagen, eg må bare få lov til å tasta ned gårsdagen først, for det vart så fin ein dag.
Objection sustained.
Så altså:
I går kom eg meg i veg til jobb på føremiddagen, det var så stille og fredeleg som ein bare kunne ynskja seg. Eg fekk fred og ro til å koka ut to undervisningsopplegg som eg hadde lova kollegene mine å ha klar i løpet av dagen.
Etterpå møtte eg Aller Kjæraste Syster. Me gjekk på kafé og åt deilig salat. Eg skulle unna alle ei slik syster som eg har. Etterpå var me på tur og tok med oss Ingrid. Ingrid og syster gomla heimelaga kringle frå Oddvar si farmor, og eg drakk imsdalvatn med pære og ingefærsmak.
Nede ved havet blåste det kraftig. Havet sto så høgt at halve stranda var under vatn. Motvinden frå nord var sterk nok til å riva laus ein kvar frustrason som måtte ligga fast ein eller annan stad. Vinden feia med seg all laus sand, så då eg gjekk tilbake med vinden i ryggen var det som å gå på hardtrampa havbotn. Ingrid fotograferte. Eg hatar å sjå meg sjølv på bilete. – Eg ser så verkeleg ikkje slik ut… Bortsett frå dei Ingrid tek av meg. Dei blir mest alltid fine.
Etter turen rakk så vidt innom heime for å finna fram det eg trong til å opptre om kvelden. Då eg kom innom for å henta mor, oppdaga eg at strømpebuksa hadde ei lang rakning på låret under skjørtet… Eg fekk låna ei flaske blodraud neglelakk av mor for å stoppa rakninga, og klare å søla neglelakk på det grønrutete skjørtet… Nå hadde eg valget mellom å fortella med sidesaumen framme for å skjula neglelakken, ha skjørtet bak fram med blodraude flekker bak, eller rett og slett lata som ingen ting med flekkene på framsida… Med maksimalt uhell ville eg i tillegg ha rakna svart strømpebukse nedover leggen…
Eg valde det siste. Då eg fortalde Ruts bok i kyrkja for to veker sidan, oppdaga eg etterpå at eg hadde hatt blusen på vranga… Kanskje eg må spara til eigen stylist? Eg hugsar dei sa om Olof Palme at han alltid hadde problem med å få dytta skjorta skikkeleg ned i buksa. Kanskje nokre menneske bare er slik? Når eg anstrenger meg for å vera flink og ikkje gløyma att lommeboka på toget går eg frå paraplyen i staden.
Neglelakk eller ikkje… Mi kjære venninne Torhild hadde snappa agnet som eg la ut her på andedrakt, og stilde som pianist. Eg fortalde og les dikt, ho song og spelte piano. Det er alltid så godt å opptre i lag med henne. Ho er så flink til det ho gjer, og me er heilt trygge på einannan i slike situasjonar.
Norske kvinners sanitesforening. Ein stolt og høgflagga organisasjon på seksti- og sytti- talet. I den vesle bygda eg vaks opp i, ikkje langt frå her, er skuta framleis i drift, men yngste kvinne er vel sekstifem eller så. Der var det me hadde sagt ja til å opptre.
Då eg innleda den første historia med: “Ein mann kom ein dag til ein liten landsby, det var ein vakker høgreist mann med brennande blikk. Mannen hadde noko viktig å fortelja til dei som budde der, og gjekk med raske skritt, mannen var heilt naken…” , merka eg eit forskrekka “uff” gå gjennom forsamlinga. Nå visste eg at alle høyrde etter, og at det kom til å gå bra.
Der sat dei, ein god del av mødrene frå barndomen min.
Nokre av dei hadde eg ikkje sett på tjuefem år eller så. Dei sat der og var grå i håret med smilerynker og andre rynker eg ikkje hadde sett før. Det var godt å vera saman med dei. Det var mor til Trond og Arild frå barndomsgata mi, som hadde spurt meg om å koma. Ho tok i mot Torhild og meg, som har kjend einannan sidan me var fem og seks, med ein god klem.
Så var det påsmurte rundstykke, julebrød og åresal. Ei dame frå Nærbø kom med to koffertar fulle av klede, som hadde vore i bruk frå krigen og framover, som ho viste fram og fortalde historiar om: “Denne underbuksa sydde tanten min på industriskulen.”- Ho viste fram ei lakserosa silkeunderbukse handsydd med holsaum og broderier.- Og denne BH-en og denne hoftehaldaren hadde eg under brudekjolen min, og den såg slik ut…
Med ein fargerik bukett tulipanar som takk for innsatsen, og ein påskegul linløpar eg hadde vunne på årelotteriet, blei eg med mor heim. Eg sneik meg til eit par timar framfor peisen hos foreldra mine før eg reiste heim.
Sidan verken eg eller nokon andre hadde kjend på kallet til husarbeid i går, flaut det over alt då eg kom heim i går. Det er det eg har lova høgtideleg å gjera noko med akkurat nå… Eg vil jo gjerne ha eit vakkert, reint og påskepynta hus som eg kan invitera gjester til i påsken. Og så må eg begynna å brodera på Sunniva si bunad, for nå har eg kjøpt materialet eg treng.
Takk for i går, viss du les dette Torhild. Du er vidunderleg.
Eg håpar du får flygel i løpet av påsken. Det synest eg er eit must på dette punktet i livet.
Nokon som blir med på kino og ser “La vie en rouge”?
Etter at eg har rydda huset, sjølvsagt…
Heidi
Takk Heidi, for alt du let oss få lov å vera med på gjennom dei fantastiske tekstane dine!!! Men akkurat i dag må eg bare få lov å korrigera deg litt. Askeonsdag hadde me nemleg for fleire veker sidan. Onsdagen då fasten tek til har fått dette namnet og er onsdag før første sundag i faste – onsdag etter fastelavenssundag. Frå denne dagen finn kyrkjene fram den fiolette fargen. Påskeklem:)
Eg lurte eigentleg på det ja, men så bestemte eg meg for at det var sånn det var. :-)= Takk skal du ha, nå skal eg finna ein ny fin tittel til innlegget mitt…
Takk sjøl! Det var storarta:)
«Ein mann kom ein dag… Mannen hadde noko viktig å fortelja..» Ja, ein skulle gjerne visst kva det var, den forteljinga kunne nok fleire tenkt seg høyrt meir av! Takk for artige historier på bloggen, Heidi!! Må alltid innom her, for å finna gullkorn og ord med sus i… Det har vore mange gode poeng å plukka opp i desse påsketider. Fascinerande å lesa, lukka te med resten av påskeveka! Du har ei eiga evne til å setja ord på ting og tang, slik at det får nytt liv. Versa dine om palmesundag er eit døme på det- fann dei på ein annan blogg. Det er velsigna godt å dela tankar med andre. God påske!!
Ja, ikkje sant, Jarfeld. Internett er eit undervurdert kommunikasjonsmedium. Ha ein god påske!
og Jarfeld, kanskje eg fortel deg resten av historia ein vakker dag. 😉
Fikk adressen av Torhild i dag. Måtte bare innom og lese. Du er kjempedyktig. Ha en fin fin påske. Ikke bry deg så mye om hele husarbeidet. Torhild og jeg skal spille sammen på gudstjeneste 2. påskedag. Kjempe dame og spille sammen med. Hilsen May-Lis
God påske til deg og, May-Lis. Lenge sidan sist!
Ja, nå er det lenge siden sist. Har vært veldig dårlig i ryggen. Har mer eller mindre ligget i flere år. Men, takket være forbønn og salving er jeg kommet meg på bena igjen. Tatt frem trompeten og trives veldig godt med det. I tillegg jobber jeg 25 %. Så jeg har det helt fint. Ut fra historiene dine høres det ut som du også lever ett innholdsrikt liv 🙂
Ja, innhaldsrikt er eit Rett ord. Så herleg at du har det betre. Høyrest kjekt ut å spela trompet. lukka til!