Gå til innhald

Torer mest ikkje sei det, Tintomara,

april 7, 2007

men nå sit eg her på jobb igjen og skriv… Skal bare ordna ganske mange ting, og så er det kroken på døra heilt til tysdag.

I og for seg så hadde eg tenkt å vera her for sånn ca seks timar sidan, men litt av sjarmen med å ha ferie er ein kan tillata seg å ikkje bruka tida så strukturert…

Først så bare måtte eg la meg suga inn i krimromanen min. Så var det eit par telefonar. På kjøkkenet lukta det heilt nydeleg av nybakte rundstykke. Det var kjærasten min som hadde slått til. Nytrakta kaffi og rundstykke må vel vera sånn omtrent dei beste luktene i verda å vakna til.

Dersom eg var eit veldig religiøst menneske, noko eg forsåvidt er, så hadde eg lurt på om eg var inne i ein oppdragelsesprosess styrt av høgare makter… Dette har skjedd meg dei siste to vekene:

1. Bilnøkkelen forsvinn sporlaust.
2.Mobiltelefonen forsvinn og let seg ikkje finna på tross av nitidig leiting.
3. Bankkortet mitt sluttar å fungera. Eg anar ikkje kvifor, men i går og i dag har eg prøvd det på seks ulike terminalar, og det virkar bare ikkje… Odd Christian har ein teori om at det er blitt avmagnetifisert fordi det har lege på sida av mobiltelefonen. Ikkje veit eg… Men det meste går det an å klara seg utan når ein må…

For nå har eg kjøpt ny mobil, og rett etterpå gjekk det som eg kunne ha spådd, eg fann att den gamle. Han låg ein stad eg er heilt sikker på at eg har leita, under ei skohylle… Men takk og lov, nå har eg to, og det er det då ikkje alle som har…

“Du er så utruleg lik meg,” seier Odd Christian og ristar på hovudet, “eller det er vel rettare å seia at eg liknar på deg”… og det gjer han. Eg ser det sjølv og. Både det kaotiske og det utruleg tilbakelente i personlegdomen hans.

Så må me ut og handla, eg og Odd Christian fordi me må dela på den einaste pengeseddelen som finst i huset. Etterpå går me ein plass for å drikka kaffi i lag. Kaffelatte til han og capuccino til meg. Det er fint å vera aleine litt. I morgon reiser han tilbake, og eg skulle gjerne ha snakka mykje meir med han.

Det er fint å ha vaksne barn og utfordrande å gje slepp på dei. Eg skulle gjerne gjera dei store vala for dei, men veit at det kan eg ikkje. Eg må visa respekt og kjenna etter når det er ok å gje gode råd utan å virka masete.

Og nå er eg her, skal sortera papir trykkja opp leselekser, gjera klar for å ta i mot ein ny elev på tysdag og rydda fint i klasseromet. Så skal eg på midnattsgudsteneste,

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Halleluja, Han er sannelg oppstaden! Klart du fann igjen mobilen, kjære! Håpar du kan ha heilt ferie dei siste dagane, samstundes veit eg jo ko herleg det er å ha ei oppleving av å vera i forkant når elevane ramlar inn etter ferie:)

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, eg hadde bestemt meg for å vera ferdig, men må innrømma at eg ikkje er heilt klar endå. Vart ikkje heilt ferdig i går sjølv om eg var der til ni om kvelden. Merkeleg samantreff at du helste meg med dei same orda som eg sat og skreiv på tastaturet heilt simultant sånn oomtrent. Snakkast!

Kommenter innlegget