På leit etter Buddha.
I morgon spring eg med full fart inn i kvardagslivet att. Nytt tema i fjerde klasse er gudsteneste, gudstenesteliv og heilage rom. I morgon skal eg prøva å forklara ein stor flokk ni- og tiåringar kva det betyr at noko er heilag.
Eg har funne fram blomar, stearinlys, krusifiks og røykjelse og skal snakka om korleis menneske i ulike religionar lagar seg heilage rom. I haust ein gong kjøpte eg ein buddha-figur til bruk i krl-undervisninga. Eg meinte at eg hugsa kva skap eg hadde lagt han i, for det er ikkje naturleg for meg å ha Buddha framme i stova.
Då eg opna skapet, fekk eg sånn omtrent bokstaveleg talt deler av fortida mi i hovudet… Her var det ein pose med gjenstandar frå Afrika, store mengdar kort og perler, tjue år gamle klesplagg som kanskje kan koma til nytte ein gong, halvferdige englar, tyll og taft, halvstrikka babyplagg, lånte bøker, ein pose diktsamlingar og tanzanianske kangaar med innvevde ordspråk.
Og Buddha let seg finna etter tjue minutt med arkeologliknande søking… Eg må få rydda det skapet. Til sommaren kanskje?
Og i morgon skal eg ta i mot ein liten muslim frå ein kinesisk provins. Eg spør meg sjølv om Buddha og krusifiks og ein nynorsk lesetest er det som det kjennest mest meiningsfylt å møta første dagen på ny skule, men det meste er planlagt i god tid, og the show must go on. Velkomen skal han vera i alle fall…
Heidi
Heldige elevar som får ha med deg å gjere!