Gå til innhald

Gresk salat med jordbær.

mai 3, 2007

“Hode, skulder, kne og tå” eller: “Jakta på smultringen…”
Alle tre forslaga kunne ha stått som heading over dagen som gjekk, så her er det fritt valg.

I dei to første timane hadde eg keramikkundervisning. Etter fem minutt klarte eg å tømma over meg minst ein halv liter begitningsvæske, ei leiresuppe med farge som blir brukt til å farga halvtørr leire. Loket sat for fast, eller for laust, eller kva det nå gjorde. Eg skulle visa ungane korleis det kunne brukast, og plutseleg rann leirsuppa over kleda mine og ned på golvet.

Eg hadde heldigvis med meg assistent i den timen. May Brit tok utfordringa på strak arm, og overtok deler av undervisninga medan eg prøvde å ordna opp i uhellet. Eg fekk til og med henne til å avslutta timen min, for at eg skulle rekka å kjøra heim for å skifta klede.

Det var bare det at då eg stod i gardsromet og skulle låsa meg inn, gjekk det opp for meg at eg for tida ikkje har nøkkel til mitt eige hus. Odd Christian lånte han ein kveld han skulle koma seint heim, og ved eit uhell hamna han i Bergen.

Eg måtte altså dra tilbake like tilsølt som då eg kom, og måtte le av meg sjølv midt i galskapen. Eg skulle ha eit møte med folk som ikkje er direkte kolleger seinare på dagen, men då eg unskulda meg for antrekket sa dei sjølvsagt at det såg bare ut som eg var hardtarbeidande og kunstnerisk…

Så bar det i full fart heim for å skifta før forestillinga…
Fordi eg skulle vera så utruleg effektiv, gjekk det og litt i kryss. Plutseleg hadde eg forlagd bilnøkkelen og kunne bare ikkje finna han att. Det endte med at Jan Ivar måtte henta meg.

Me hadde nokre siste ting å ordna opp i før dei små skodespelarane kom. Me skulle blant anna kjøpa inn parisarloff, pølser og smultringar. Alt til bruk i teaterstykket. Dette trudde me skulle vera ei smal sak, men det viste seg at me nok ikkje er i varmaste smultringsesongen…

Me tråla bakeri og dagligvarebutikkar, men ingen hadde smultringar. Det er til og med rett å seia at nokon av dei lo av oss då me spurte etter det. Amerikanske donuts var det lett å få tak i med sjokoladeglasur og strø, men gammeldagse norske smultringar…

Men til slutt fann me ein pose likevel. Ein pose i ei hylle på Co-op frå Bertas bakeri. Så vart me redda denne gongen og…

Etter tre timars intens øving, styling og pep-talk, var dei yngste skodespelarane klare for scenen, og forestilling for foreldre, besteforeldre og andre inviterte. For mange var det første gongen med mygg og fullt scenefokus.

Og dei klarte seg bra. Eg skulle gjerne ha fått dei endå eit hakk meir energiske, men kanskje dei kjem dit i morgon når dei verste premierenervene har lagt seg? Og visst var dei flinke. Dei foreldra eg snakka med var i alle fall stolte og fornøgde.

Og sjølv er eg relativt utlada. Kanskje eg skal leita etter bilnøklane? Eller rett og slett finna meg litt kveldsmat?

Ja, det var den greske salaten: I dagmorges dreiv eg innovativ matlaging. I tradisjonell gresk salat til lunsjboksen min, blanda eg oppskårne redikkar, sukkererter med belgar og jordbær i skiver. Det smakte fortreffeleg.

Heidi

From → Uncategorized

10 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Herlege Heidi! Hugs endeleg på å få nok vatn i deg!! Bilnøklane kjem sikkert for ein dag!

  2. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Vilket liv du lever 🙂

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Klart bilnøklane kjem for ein dag. Lurer bare på når 😉

  4. Ukjend's avatar
    RaTo permalink

    Eg les ? kjenner mest at blodtrykket stig (for så stressa hadde eg blitt i same situasjon ? les vidare ? kosar meg, smiler og ser deg for meg! :o) Ja, hugs å få i deg nok vatn, min ven.

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Har drukke masse vatn i dag. 😉 Tek i mot alle gode råd…

  6. Ukjend's avatar
    Borghild permalink

    hehe! du må ikkje ver så «brolten» når du åpne sånne ting!

  7. Ukjend's avatar
    Borghild: permalink

    Nei, kven kan eg ha fått det der i frå…

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Der gjekk det litt fort i swingen. Kommentaren over var frå Heidi til Borghild. 😉

  9. Ukjend's avatar
    borghild permalink

    hehe.. 🙂
    en tøffing som bur på ålgård kansje??

  10. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ser ikkje vekk frå det…

Kommenter innlegget