Gå til innhald

Mildare ute nå…

mai 7, 2007

Kanskje veret snur og blir fint igjen? Eg kom heim frå jobb klokka kvart på seks og har laga tomatsuppe og pannekaker med bacon til middag til meg og dei to yngste barna.

Måndagen er ein lang arbeidsdag. Først elevar, så felles bunden tid,i dag med evaluering av skulen sine satsningsområde,- og som dessert alt som må ordnast til neste dag og resten av veka.

Me er i gang med steinalderen og har sett teiknefilm som illuderte steinalderen der to menn med treklubber valde seg ut kvar si steinalderkvinne som dei med makt drog med seg etter håret inn i hola. “Korfor gjorde dei det?” spurde ein av gutane. Veldig godt spørsmål… Det er elles merkeleg korleis dei som hadde laga filmen la inn små effekter som at dei som var uenige om noko dælja kvarandre i hovudet med same typen klubber… Og ungane lo høgt kvar gong det skjedde, særleg gutane. I beste fall kunne det jo vera for å visa at vald er forferdeleg primitivt…

Og steinalder skal bli kjekt, trur eg. Om veret er sånn nokonlunde i morgon ,skal me ta oss ein skikkeleg tur ut for å samla inn naturmateriale til gruppearbeid der dei skal laga kvar sin steinalderbustad.

På veg heim såg eg to gutar med ein stor kanin i band. Dei dreiv hoppetrening. Kanskje det litt motvillige dyret er påmeld kaninhoppekonkurransen på Jærdagane om eit par veker. I så fall er det nok fornuftig å leggja seg i hardtrening…

Så er det ned og rydda litt. Tidleg kveld i kveld… Trur eg…

Ein ting til forresten. Vennene mine er den flottaste og mest samansette blandingen menneske som tenkjast kan.
Hurra for dei.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Jag läser och njuter varje gång du lagt in en ny text även om jag inte kommenterar 🙂

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Fint å høyra morsan. Vinkar ivrig til deg.

  3. Ukjend's avatar
    Anonym permalink

    Verkeleg gildt når du skriv kvar dag, Heidi! Takk frå ei som er så heldig å få vera i denne samansette blandinga di – frå naboen, kollegaen og venninna di i Kong Sverres gate. Klem:)

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk du kjære namnløse venninne. Stor klem.

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk du kjære namnløse venninne. Stor klem.

Kommenter innlegget