Gå til innhald

Og om det blir for lite gjort,

juni 8, 2007

og dagen blir for stutt…
Dagen i dag er fridagen min. I denne veka tenkt å vera ein effektiv milepæl i husarbeidet sitt teikn…

Men ting bare skjer. Life is what happens to you when you`re busy making other plans… Og endå er lite blitt rydda…

Pass har eg fått bestillt, sjølv om eg hadde den ubehagelege opplevinga av at det ikkje var dekning på kontoen då eg trakk kortet. Eg måtte opp og sjarmera kjærasten min på jobben hans, og det ordna seg.

Marinerte lammekoteletter, maiskolber og spinatsuppe.
Det smakte veldig godt. Men nå må eg få brukt den siste timen før eg skal ut att til rydding… Det er heilt utruleg varmt i dag…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    -Og om det blir for lite gjort og alt er ståk og rot, da kommer samma hilsen over furua som sist….. : «Du ska få en dag i mårå som rein og ubrukt står, med blanke ark og farjestifter tell..» Desse varmehistoriske juninettene er dessutan for verdfulle te sova bort, så døgnet får på eit vis fleire effektive timar- om nå det skulle vera ei trøyst for travle sjeler.. Ha ei velsigna vakker junihelg, førferiehelg! Ein lærer noko kvar gong ein er inne på denne bloggen. Livet er det me har, å sjå det store i det små, når kvelden sig på, gripa det ein treng og drøyma seg til sutlause strender, der tid er det ein har nok av- for ei stund. Kjenna vind og kjenna sand, utforska, leva nær kvarann, i sommarens soliga dagar… Pass opp, alle stormvindar- Sjå opp for reiseklare bloggar, ta eit djupt sommar-andedrag med Heidi! Når netter er ljose som dagen–

  2. Ukjend's avatar
    Heidi. permalink

    Lenge leve sutløysa, Jarfeld.
    Nyt sommaren!

Kommenter innlegget