Gå til innhald

På Preikestolen.

juni 10, 2007

Personalturen i år skulle gå til Preikestolen. Denne berømte klippeformasjonen ikkje så veldig langt her i frå, som blir marknadsført som ein av dei store turistatraksjonane her i landet. På engelsk er staden kalla “The pulpit rock,” og tilsvarande namn finst på andre språk.

Visst har eg vore der før. Fleire gonger til og med, men då eg skulle rekna etter var det visst eh… om lag tjuefem år sidan sist… Det er nemleg ikkje slik at dersom ein bur nære ein slik stad, så er ein der stadig vekk… Då me for tretten år sidan hadde tyskarar på besøk som gjerne ville dit, var eg for gravid til å vera med, og sidan har det aldri blitt noko av…

Då sprekingane på jobb fant ut at dit skulle me i juni, var eg snar med å skriva meg på. Ein er då eit sosialt vesen, men etter kvart som dagen nærma seg vart eg litt uroleg. Nokon eg kjenner sa at det var ein ganske krevande tur, og at ho ikkje hadde orka det. Sidan vedkomande som sa det er ei relativt sprek dame, så vart eg endå meir i tvil.

Då eg sist gjekk der med Kjetil tenkte eg ikkje på at det var verken langt eller bratt eller stritt, men då var eg altså tjue år…

I går vakna eg og kjende meg svimmel og uvel, men eg pakka sekken og la i veg. På bussen opp sa eg til dei andre at eg ikkje var heilt i form, og at eg lurte på om det vart for stritt for meg, men at eg ville vera med eit stykke, og så kunne eg heller snu eller venta på dei andre. Eg sa noko om at eg ikkje såg på det som eit stort nederlag å ikkje koma til toppen, sånn i tilfelle nokon skulle tru det, liksom…

Og så la me i veg, lettkledde i sommarvarme med ryggsekker på ryggen. Dei første kneikene var grueleg bratte og ura som fulgte etterpå var mykje brattare og lenger enn eg hugsa. Eg danna baktropp, men hadde alltid nokon å gå i fylgje med, kollegene mine er nemleg både omsorgsfulle og ansvarlege slik.

Det var så varmt at sveitten draup som dropar ned på steinane i ura. Utruleg mange menneske var ute i same ærend som oss, og det vart snakka tysk og engelsk, italiensk, finsk og nederlandsk på alle kantar. Nokre var skikkelege sprekingar i tipp-topp-fjellutstyr, medan andre såg ut som om ingen hadde fortald dei at det var ein fysisk ganske krevande tur dei la ut på. Då eg i si tid gjekk turen med far, hugsar eg at me møtte nokon franske damer på stiletthælar. Dei kom truleg ikkje så langt.

Opp kom me. Etter å ha brukt to timar på oppstigninga, noko som er normal marsjtid i fylgje brosjyrane. Eg var ganske stolt då eg sveitt og sliten kunne setja dei limegrøne joggeskorne mine på Preikestolen.

Fordi eg har høgdeskrekk, var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle ut på kanten, men Stig meinte at det var klart at eg skulle dit når eg først var komen så langt. Dei siste ti metrane leidde han meg i handa, og dei siste to metrane kraup me ut før me la oss på magen, og kikka ned over kanten dei 604 metrane rett ned i havet.

Då me kom ned att, reiste me til Helen si hytte for å overnatta der. Ho har eit fantastisk sommarhus ute i havgapet ein stad i Ryfylke. I hagen var det masse blomar og eitstort trebord av gammalt eiketre. I eit hus i hagen var det boblebad med plass til mange og badstu.

Etter å ha fått seg ein skikkeleg dusj var det omtrent som å koma til himmelen å synka ned i ein hagestol og bare nyta livet. Dei sprekaste bada i sjøen meir eller mindre heile kvelden, og me song, prata, lo og grilla godsaker frå Håland kjøtt.

Eg hadde planlagd å tilbringa deler av natta i boblebadet, men då eg kunne få haik med ei som skulle kjøra heim om kvelden, slo eg til. Familien min klagar på at eg har vore alt for lite heime den siste månaden, og det har dei sjølvsagt heilt rett i…

Då me kjørde gjennom den lyse juninatta lukta det salt sjø, og grasange etter den første slåtten. Himmelen var lys og bleikblå, og det var så vakkert at eg ynskja eg bare kunne halda synsinntrykka fast for alltid.

Eldsteguten påpeikte at i løpet av den veka han har vore heime, har me ikkje hatt eit einaste måltid der alle har vore samla. Derfor vart det felles frokost ute på verandaen med nytrekt kaffi, egg, steikte poteter, brød og rosinbollar.

Det blømer fint i krukkene mine ute på verandaen.
Kanskje eg er i gang med å transformera meg til eit sporty menneske som eignar fritida si til småpusling i hagen?

Ungane er ute og badar med kvar sine venner, og livet er godt… Kanskje eg rett og slett skal få litt sol på kroppen?
Endå meir kaffi? Noko kjekt å lesa i? Ei kjenning av sommarferie sjølv om to travle arbeidsveker står att av skuleåret. Slett ikkje å forakta… Slett ikkje…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Wow, du imponerar, Heidi! Nest år hiv du deg vel på Nordsjørittet på sykkel 🙂 Eg har endå ikkje vore på Preikestolen, og kjenner det er heilt greitt det og. Må bare få unna ein bryllupssang for ein kollega av meg, og så skal eg nyta finværet og «fri-dagen»! Husbonden og eg har prøvd å laga oss ein oversikt over det som MÅ gjerast før med fyk mot sør….kjekt med planar – kunsten er å få gjort det viktige som me hadde tenkt ..
    Uansett:Me må få til og treffast, anten på den fine terrassen din eller kanskje ein flygelkonsert her i heimen??

  2. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Torhild.
    Absolutt, min kjære. Eg har program onsdag og torsdag kveld, men elles intet, trur eg.

  3. Ukjend's avatar
  4. Ukjend's avatar
    Jarfeld permalink

    Imponerande, Heidi! Du vinn over høgdeskrekken- og tek stadig sats på nye oppgåver. Slikt blir det braveur av- og nye mål å trå!! Takk for alt du deler med oss, ditt «Nordsjøritt» treng nødvendigvis ikkje vera likt dei over tre tusen sykkelrennarane sitt. Du kan komponera det sjølv- og uroppføra det kor du vil, kva tid du vil- og om du vil. Det blir poesi og nådige tankar av slikt…. Sommaren er her!

  5. Ukjend's avatar
    Heidi. permalink

    Jarfeld: Oppmuntrande tanke, alt kan skje…
    Borghild: Farmor haldt på å besvima av det biletet. Håpar lesarane mine klikkar seg fram og ser kor eg var…

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild: Kven veit, kanskje eg plutseleg går på ski over Grønland eller noko? Eller kanskje du gjer det?

Kommenter innlegget