Gå til innhald

Dei store ryddedagane og brann i heimen.

juni 16, 2007

Det er jo viktig å trivast, og for å markera på ein triveleg måte at ryddedagar er festdagar, tende eg to solgule lys på frokostbordet. Dessutan hadde eg plukka inn gule liljer i ei rund blårutete skål som eg kjøpte på loppemarknad ein gong. Riktig fint vart det. Dessutan var plommene i dei nykokte egga solgule og matchande. Det var bare det at eg måtte flytta blomane vekk fordi eg fekk eit akkutt anfall av høysnue.

Då frokosten var eten op,p såg eg at det var regn i lufta. Eg sprang derfor ut for å berga inn dei tørre kleda frå tørkestativet. Då eg kom inn med ein stabel reine handkle fekk eg ei melding på mobilen som eg måtte svara på. Etterpå snur eg meg og får eit lite sjokk.

Dei brennande lysa hadde fått stå på bordet. Trekken frå verandadøra hadde tydelegvis kasta flammen bakover, og plutseleg stod oppslagstavla på veggen over kjøkenbordet i fyr og flamme. Det vil seia alle dei viktige papira som hang der og fortalde om skuleavslutningar, salme- og barnesongkonkurransar, bryllaup og sølvbryllaup og i tillegg nokre gamle barneteikningar,hang på veggen og brann med lange flammar.

Eg hadde ikkje tid til å tenkja meg om, men greip på instinkt oppslagstavla der ho ikkje brann, fekk henne ned frå veggen, sprang ut på verandaen og kasta ho ned på gardsplassen medan eg ropte høgt at det brann.

Sunniva som hjalp meg å ta inn klede kom springane til. Hennar første instinkt var at ho ville trampa på dei brennande arka som låg på treverandaen for å slokka dei. Det var bare det at ho var barbeint. Eg fekk heldigvis stoppa henne før ho brann seg, sprang inn i huset og henta vatn som eg fekk slokka med. Så nå får kanskje me sjå det symbolske i at avtalane våre har brunne opp?

Me slapp med støkken. Men eg har fått bevist det eg eigentleg visste frå før. Gå aldri i frå brennande stearinlys i eit rom!

Sidan rydding ikkje er heilt mi greie, har eg lese litt oppmuntrande litteratur. Ein eller annan klok person hadde skrive at på skikkelege ryddedagar skulle ein stilla klokka på alarm nå og då, og når alarmen gjekk ta ein pause og gjera noko heilt lystbetont…Så her sit eg…

I går då eg med skrivekløande fingrar sprang til andedrakt var nemleg internet ute av funksjon, så eg fekk ikkje skrive om ein relativt vellukka ryddedag, krydra med lang frokost med Ingrid, middag med Odd Christian og kveldstur langs stranda med Sunniva.

Halvard har begynt å utforska nærare dette med besifringsspel på pianoet. I går kveld og i dag har livet vore akkompagnert av Greensleeves-variasjonar med Halvard ved klaveret. For å seia det slik, han har framleis eit visst utviklingspotensiale…

Nå ser eg at den vesle ehhh, pausen, har vart i meir enn ein halvtime. Pliktene kallar…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg bare måtte innom her på Andedrakt før eg fresar utover til Bryne i Syster mi sin gullbil! Godt du fekk berga heimen frå brann…..

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, ikkje sant! Blir eg henta i gullbil? :=0

  3. Ukjend's avatar
    tiiin permalink

    fy, vad läskigt … vilken tur att det gick bra!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    tiiin: Ja, eg har jo høyrt at eld kan flamma lynraskt opp, men har på ein måte ikkje heilt forstått det før nå…

  5. Ukjend's avatar
    leif permalink

    stod det ikke noe om at man skulle drikke et glass vin etter hvert kvarter med rydding?

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ikkje etter kvart kvarter,ville eg tru… Farris får vel duga for meg… Men her hadde det ikkje blitt mykje gjort om eg skulle ta pause kvart kvarter…

Kommenter innlegget