Genet for glede.
Eg avspaserer føremiddagen. Eg vaskar klede, ryddar, og prøver å få unna litt. Klokka eitt dreg eg til skulen for møte og rydding. Innimellom prøver eg å fjerndirigera litt av det som skjer i klassen min via sms…
Eg har høyrt radio og drukke kaffe til arbeidet. Velsigna vera P2. Det er så mange bra program der. I dag presenterte dei ein analyse av Peer Gynt, der dei mellom anna avslørte at handskrifta til Ibsen forandra seg medan han skreiv dette manuset. Han begynte med å skriva normal høyrehallande handskrift og ende opp med venstrehallande steilskrift. Så kom dei med moglege teoriar til dette. Gjennomgjekk han ei sterk indre utvikling? Våga han å reindyrka sin eigen personlegdom? Eller hadde han rett og slett vondt i handa? Tenk at nokon har som jobb å filosofera over slike spørsmål. Fascinerande…
Eg trur eg kunne ha elska å sitja og grava meg ned i små spissfindige litterære problemstillingane eg og… Tenka, tenka og skriva, skriva.
I staden driv eg utagerande omsorgsarbeid, undervisning, skriving av bruksmanus og rydding av klasserom. – Og eg elskar det og. Sjølv om eg av og til møter meg sjølv i døra med ein gigantisk flyttekasse fylt med overfylte ringpermer. Men å møta seg sjølv i dører gjer ein nok uansett…
Det eg filosoferte over, medan eg stod og vaska det lange håret mitt i dusjsåpe fordi me var tome for sjampo, var korfor nokre menneske mest alltid er glade, medan andre slit med tungsinn heile livet. Eg trur eg er så heldig å vera fødd med det ein på bestemor si tid kalla eit lettlig sinn. Eg ser korleis mange slit med å finna gleda og halda ho fast. Det gjer vondt å sjå på.
Er evna til å gle seg genetisk og medfødd? Eller er det ein muskel ein må passa på å trena opp og halda ved like? Dersom eg var ein god fe og kunne gje elevane mine og mine eigne ungar ein einaste gave for resten av livet, så skulle eg strø over dei gullstøv som gjorde at dei var i stand til å gleda seg mykje over lite. Eg stod der i dusjen og grubla over formelen på gullstøvet, og det gjer eg framleis. Eg trur eg skal tenkja på det resten av dagen. Sånn innimellom ryddinga, sjølvsagt.
Heidi
Dusjsåpe…..kan nyttast til mykje – og dusjfilosofi er var faktisk nytt for meg. Eg håpar at evna til å gle seg er som ein muskel – det vert enklare jo meir ein trener, trur eg! Lukke til med pakkinga og alt du må rekka før du er på veg til Canada!!
Torhild: Takk for det. Nå sit eg her og skriv sommarbrev til elevane mine. Me har hatt dramatikk i heimen. Halvard slo amen sin veldig på fotballtrening, så me måtte på legevakt og røntken, men heldigvis var det ikkje brot. Eg fekk ein hermetikkboks på lilletåa då eg i full fart skulle senda med han ei varm pølse i bilen til sjukehuset. Eg lurte mest på om eg måtte sl¨å fylgje… Kanskje du syng i dusjen i staden for å filosofera.
Armen, ikkje amen… Men takk og amen for at alt gjekk bra!
Ja, man ska aldrig ha bråttom, det är då visst och sant, för det är då det går galet! Tur att åtminstone bara en i familjen fick åka itill sjukhuset! Fast helst ingen förstås. Men att spela fotboll utan skador är nog ogörligt.
Dina duschfunderingar känner jag igen. Jag tror tyvärr att vissa karaktärsdrag är medfödda. Se så olika syskion är, fast de har samma föräldrar och samma hem. Men naturligtvis spelar miljön också stor roll. Om man får känna sig älskad och uppskattad har man lättare att se ljust på tillvaron. Vad man önskar som pedagog och förälder!) är ju att förmedla till eleverna (barrnen) en förvissning om att de duger, att de är uppskattade och omtyckta och sedda. Och älskade, när det gäller de egna barnen. Hur man gör det? Det är nog olika för varenda unge. Jag tror på det goda samtalet. Jag har i dagarna märkt att det kan försätta berg. Det är nästan otäckt vad amn kan åstadkomma om man går in för det. Tänk om man skulle gå in för fel saker? Påverka åt fel håll? Kanske skulle man inte påverka alls? Men vi ska ju verka för ett demokratiskt och humant förhållningssätt i skolan, så då måste vi ju få påverka?
Klart me skal påvirka. Til gode ting… Eg har sett under skje med elever om ein har tru på dei, tid og store mengder tålmod. Problemet er bare det at tid får ein aldri nok av. Me risikerer å oversjå ting me faktisk optimalt sett kunne ha gjort noko med. Av og til får eg frysningar av alt ansvaret som ligg i det å arbeida med barn, og ikkje minst med å ha eigne barn.
Eg trur forresten eg må gå barføtt på jobb i dag for vesletåa er øm og hoven. Godt at det er sommar!
Takkar for livsfilosofi og livsvisdom, det finst det mykje av her!! Ser fram til små «Reisenoveletter» frå det store utland. «Canadagås og ekorntriller» (?!) Ha ein fortjusande sommarlov, leve skribenten! 🙂
Jarfeld, du har ei eiga evne til å få meg til å le 😉