Gå til innhald

Kamloops.

juli 11, 2007

Kamloops heiter byen me er komne til. Eg har måtta sjå etter sånn omtrent ti gonger i løpet av ettermiddagen for å hugsa namnet.

Då me kom hit var me ganske slitne etter ein lang og varm dag i ein trong bil. Eg og Sunniva gjekk ned i symjebassenget med det same. Her på hotellet er det innandørsbasseng med “hot tube”- Herleg.

Den gamle badedrakta mi skreik etter avlastning. Etter sånn ca femten år, eller noko slikt var nokre parti sånn bortimot gjennomsiktige. Det nye innkjøpet er relativt drastisk. Eg har kjøpt ei smaragdgrøn badedrakt med skjørt som ser ut som ein minikjole. Om det ser komplett idiotisk ut eller ikkje diskuterer eg med meg sjølv, men på ein eller annan måte blir eg i godt humør av dette merkelege plagget.

Kamloop viste seg å vera ein av dei mest sjarmerande byane me har vore innom. Først var me på kinarestaurant i eit lokale som lukta kjellar, men maten var god og alle var glade. Etterpå vart me serverte lykkekaker, slike hole kinesiske kaker med ein spådomslapp inni. Det er andre gongen på turen me har fått slike kaker, og me er lette å mora.

Etterpå møtte me ein tiggar med fillete sko. Eg ransakte lommar og veske etter myntar. Ein del av dei var frå USA, men han forsikra om at han “took coins from United States
as well.” Han kan ikkje ha fått mange dollarane, men han vart så glad at han omtrent drukna oss i gode ord og lykkeynskjingar.

Etterpå gjekk me over ei monumental gangbru i kinesisk stil bygd over jernbanen til minne om alle kinesarane som hadde vore med og lagt jernbanelinja for meir enn hundre år sidan. På trinna stod det med jamne mellomrom oppmuntrande ord: “You can do this”, “Climbing steps is good for you,” “You´re on the right path”, og “You will reach the top.”

Me kom ned til ei elv, og ved elvebredden var det ei sandstrand der folk bada. I nærleiken var det eit lite vannland for barn med vatn som spruta ut frå ulike installasjonar, og dammar dei kunne leika i. Der plaska det masse glade småbarn. Ved sidan av var det klatrestativ, husker og rutsjebanar. Rett bak var det eit eldresenter med store vindu ut mot desse leikeplassane. Det må då vera genialt! Gje dei gamle innebygd orkesterplass til barna.

Me høyrde song, og lenger bort i parken, på ein scene stod eit blandakor og song. Dei song på fransk-kanadisk, så truleg var dei på ein slags turne. Songen var fengande, og kjærasten min baud meg opp til dans, men ungane sa nei.
Framfor scenen sat masse folk på campingstolar. Nokre av dei var psykisk utviklingshemma. Medan dei song kom eit par ridande på store brune hestar. Dei hadde røde trøyer og kvite cowboyhattar, og stoppa hestane for å få med konserten dei og. Både damene og mennene koret hadde skjorter i enten limegrønt, turkis, lilla eller rust-rødt. Det siste skriv eg for å hugsa at desse fargane saman gjer eit flott scenebilete.

På veg tilbake møtte me nokre turistar som hadde med seg katten sin. Eit langhåra vakkert kattedyr låg oppå den eine ryggsekken og strekte seg i sola. Eg kjende med alle sansar at det var sommar, og tenkte at eg måtte ta med meg sommarvarmen i eit hjørne av sjela, for heime er det visstnok både kaldt og rått.

Litt urolege er me alle mann. I morgon set me oss på flyet heim, og eg trur alle kjenner ei viss uro både for alt som skal klaffa og for den lange turen heimover. Det er ikkje bare autistar som synest at overgangane er det vanskelegaste…

Ungane gler seg til å koma heim nå. Heilt i tråd med slik eg alltid brukar å vea kjenner eg eit visst vemod med å setta sluttstrek for turen. Det har vore så fint. Me har sett og opplevd så mykje. Eg skulle gjerne ha reist i tre veker til, men det er sikkert psykologisk rett at reisa sluttar medan alle framleis har reiselyst att… Eg har lyst til å sjå mykje meir av USA, og kanskje av Canada og, men det får eg ha til gode. Dei einaste eg svært gjerne ville, men ikkje klarte å få til, var å oppleva ulike amerikanske gudstenester. Det får bli neste gong. Og så skulle eg gjerne besøkt amerikanske klasserom og sett litt på kva som skjer der…

Det har vore fint å leva så tett med dei tre yngste barna. Me har vore saman dag og natt i tre veker. Stort sett har det bare vore positivt.

Men ennå er det ganske mange timar til me er heilt heime, så eventyret er ikkje slutt. Ønsk oss gjerne ei god og trygg reise heim.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    RaTo permalink

    Kjære Heidi, takk for ei underhaldande reise «over there». Med den jobben eg har måtte eg berre kommentera litt her: «Medan dei song kom eit par ridande på store brune hestar. Dei hadde røde trøyer og kvite cowboyhattar, og stoppa hestane for å få med konserten dei og.» Desse to var kanadisk ridande politi; dvs. dei verdsberømde The Mounties eller «Rødjakkene». :o) Vel heim!

  2. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    God reise tilbake! Og takk for eit flott reisebrev. Har gleda meg til kvar morgon for å sjå om du har vore innpå. Klem

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    RaTo: Takk for opplysninga. Alt eg veit etterkvart. 🙂
    Eva Mari: Tusen takk.

  4. Ukjend's avatar
    Dagny permalink

    Så spanande å lesa. Skulle gjerne teke turen over there..

  5. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Hei Dagny 🙂

Kommenter innlegget