Gråsonene:
“Det er i gråsonene du har livet ditt,” seier Rolf Jakobsen i eit dikt, dersom eg hugsar rett. Og Trille, ein visesongar eg lytta mykje til tidleg på åttitalet, song omtrent som dette:
“Det er halvmånetid, midt i mellom ingenting og allting.
Det er havlmånetid,
mellom alt og intet går jeg nu omkring,
jeg ved da godt jeg går i ring,
og det gør ingenting.”
Gråsoner og halvmånetider interesserer meg. Det er tida for uregissert liv. Kjærasten min har eit blikk for ting som eigentleg ikkje er heilt definerte når han fotograferer. Han fotograferer ukjende menneske i settingar der dei fleste ikkje ville kome på idéen å henta fram eit kamera.
Det er mykje poesi i det som aldri vil bli vist på scener eller henta fram i store festtalar. – Trur eg…
For oss er dette ei slags halvmånetid. Me er på mellomlanding heime mellom ei drøymereise i den store verda, og ein stor festival me skal vera med på. Ungane har pumpa opp luftmadrassar i stova for å finna ut om dei er tette, og me må leita fram campingutstyr. Tenåringane vart oppfordra til å ha med stormkjøkken til felles matlaging. Eg kjenner at eg har motvilje mot å røra stormkjøkkenet vårt etter at eg på festivalen for to år sidan forårsaka ei ulukke med det. Heldigvis gjekk det bra, men eg veit aldri meir om eg vågar å koka mat på eit slikt eit…
På meir enn ein måte svever eg i ei merkeleg halvmånetid akkurat nå. Etter at me kom heim har eg vore fullstendig døgnvill. Eg prøvde å leggja meg til nokonlunde normal tid i går, men fekk ikkje sova. Sidan eg vart bare vaknare og vaknare, prøvde eg å lesa ei bok. Etter det prøvde eg alle triks eg har mot ikkje å få sova, men ingen av dei nytta. Eg lurte på om eg skulle stå opp og lata som om det var dag, for å bruka tida lurt, men i følge ein artikkel eg las på internett var det viktig å prøva å tvinga kroppen inn i det som er gjeldande døgnrytme der ein er.
Først klokka kvart over sju om morgonen vart eg trøytt og sovna. Så tvang eg meg opp klokka eitt for å ha håp om å koma inn i eit betre spor nå i kveld. Eg har følt meg litt uvel heile dagen, men har fått gjort ein del nyttige saker. Mykje av klesvasken har me fått unna, sjølv om kjærasten min måtte henta inn halvtørt tøy frå snorene ute då det begynte å høljeregna.
Eg har jobba med historiane eg skal fortelja, og ca ein tredjedel av huset er reint og rydda. Bagasjen er pakka opp, og koffertane er klare til å pakkast på ny. Kanskje blir eg sånn nokonlunde klar med det eg har tenkt å få gjort i morgon, og kanskje eg til og med klarer å få litt sundag sånn innimellom?
Ingrid og Oddvar maler Ingrid sitt rom kvitt. Eg er djupt imponert over Oddvar sitt pågangsmot i praktiske saker. Vips så er alle ting som står i vegen rydda ut på gangen. Resten av inventaret er dekka med plast og i løpet av null komma null så står guten der og maler…
I lag med kjærasten min og delvis Halvard har eg sett ein fascinerande film i kveld. Ein vaksen son som har dokumetarfilmar som yrke har laga ein dokumentar om foreldra sine sitt forhold til einannan. Han har mellom anna lese mora si dagbok etter at ho var død, og bruker denne direkte på TV…
Om slikt er etisk forsvarleg er eit nærliggande spørsmål, og neste spørsmål er: Kor mykje ynskjer me eigentleg å vita om andre sine liv? Om livet til foreldra sine, for eklsempel? Kor mykje vil mine ungar ynskja å vita om mitt liv?
Menneskeliv, reint generelt interesserer meg djupt, og bloggebølga ber jo med seg ein del av dei same problemstillingane. Kor mykje vil ein visa fram av livet sitt, kor mykje er det interessant for andre å vita, og når bør ein ha vit til å halda døra si lukka. Men på bloggen redigerer ein livet sitt med den graden av innsyn ein sjølv kjenner seg konform med.
Nå skal eg ikkje la filosofiske halvmånetankar trekka denne bloggen ut i det uendelege. Kanskje det å prøva å snu døgnet sitt tilbake er eit vel så prisverdig prosjekt akkurat nå?
Heidi