Medan livet kjem og kjem
og tida går og går, prøver eg å halda meg fast i ryddeprosjektet mitt… Ikkje så lett faktisk, er det meg det er noko gale med, mon tru?
I går fekk eg rydda relativt konsentrert i ein del timar, men så var det trimtur med syster og svigerinne, for trimming må ein så klart prioritera. Og cappuccino på kafé etterpå er jo så sosialt og koseleg at det må ein heilt opplagt unna seg når ein faktisk har sjansen. Etterpå bar det rett bort til Inger som hadde invitert på salat, te og natterangling for bunadbroderande damer, eller dame i mitt tilfelle. Det var så koseleg å endeleg få skikkeleg tid til å snakka saman, og bunadbrodering trengst det verkeleg om eg skal nå til målet i tide.
Inger sin mann skreiv på bloggen sin at “Du skal ikkje sova burt sumarnatta”, og det prosjektet akta me å innfri i går. Men kjempefornuftig som eg var, fordi eg såg ein effektiv ryddedag blinka i det fjerne, kom eg meg under dyna, bare litt over to.
I dag morges var det eit sterkt ynskje frå min for tida heimeverande eldste son om pannekaker. Då måtte me ut og handla mjølk eg og han. Mjølk til røra, og bacon som han gjerne ville ha til pannakakene. Så fekk eg innvia den nye steikepanna mi, eg laga ein stor stabel pannekaker og steikte ei stor panne sprøsteikt bacon, medan Halvard dekka bordet med glas, rød saft og blå tallerkenar.
Det vart eit rektig høgtidsmåltid. Ingen ting er vel som ein skikkeleg pannekakefest ein vanleg torsdags føremiddag i august. Oddvar ville heller ha sukker og smør på sine pannekaker, -og det fekk han lov til.
Etterpå hadde dei tre ungdomane lyst til å spela kokelimonke, og det passa meg bra. Odd Christian reiser jo snart, og eg ville svært gjerne utfordra han på spelebrettet. Rydding av skap blir då heilt bagatellmessig mot opplevinga av at Ingrid, Oddvar og Odd Christian hadde tid og lyst til å spela midt på blanke føremiddagen. Det er slikt ein vil hugsa som koseleg resten av livet bestemte eg meg for…
Og etterpå måtte eg henga ut klær, for plutseleg var det sol, og to maskinar til fekk eg unna. Vaskekjellaren fløymer over av klesvask, så det må utan tvil ha vore rett prioritering. Kjærasten min kjem plutseleg på at han vil skifta ut kjøkkenvifta for det har me snakka om lenge, og då måtte alle slags ting ut av skapet og ut på benken. Kjøkkenet og stova skreik etter å bli rydda.
Då eg utpå ettermiddagen sånn omtrent var klar til å rydda skap fortalde Odd Christian at han snart fekk besøk av ei venninne. Plutseleg såg eg ryddehuset mitt med klessekker til Fretex, baljer med bøker og gangen nede full av sko med eit nådelaust blikk. Konklusjonen var meir enn klar. Dette huset kunne ikkje visast fram for framande.
Eldstesonen vart komandert til å rydda kjellarstova medan eg lot det eine føra det andre med seg: Rydda i sko, skifta kattesand, få på plass Halvard sine klede, vaska badet nede, skifta ut handkleda,vaska gangen, vaska trappa, og med det same eg var i gang, rydda stova og vaska stovegolv og kjøkkengolv.
Den vesle svarte katten har me i dag vore klare til å adoptera. Spørsmålet var bare om me skulle kalla han Felix eller Petrus, for det var ein liten svart hannkatt med kvite sokkar og kvit smekke. Men i kveld ringde eigarane og sa at den vesle katten heitte Tom. Han hadde rota seg langt heimefrå og hadde vore vekke i snart to veker. Det var jo ei god forklaring på at han var så tynn og så svolten. Dei såg oppslaget til Halvard då dei gjekk tur, og då dei kom og henta han, sa dei at dei hadde tre ungar som kom til å bli overlukkelege. Her i huset er det tilløp til sorg, men me fekk faktisk erfara at Venus og Cleopatra, dei to andre kattane som bur her aksepterte kattungen utan vidare. Kanskje det kan opna for eit eller anna?…
Då katten var henta, var det på tide med mat, og etter at eg har skrive dette skal eg hjelpa Eva Mari med å laga ein song slik eg har lova. Og spaserturen som eg dyrt og heilag har lova meg sjølv å ta kvar dag… Når skal eg på tur?
Ryddinga har eg ikkje kome i gang med i det heile tatt. Det får bli i morgon. Dette har vore ein fin dag…
Heidi
Syns det verkeleg var rett prioritering. Å spela spel er det beste som fins nest etter pannekaker…Songen blei fin og kjolegensaren til deg er snart ferdig. Om to veker er den din….
Oi, nå vart eg forviten…
Takk for gild bunadbroderings- og pratekveld! Du er velkomen hit med broderiet kva natt som helst:) Eg søv ikkje bort verken sumar- eller vinternetter:)
Eg kjem! Ikkje akkurat nå, men… Snart… God natt, nå nærmar klokka seg to i natt og, så nå er det vel på tide?