Gå til innhald

Nå går me inn i august.

august 2, 2007

Det er på tide å venda kalenderblada til denne mjukaste og mognaste månaden i året. Siste dagen i juli skein til og med sola innimellom.

Og dagen bare forsvann som dogg eller spindelvev mellom fingrane mine. Nå er feriedagane talte og kjennest dyrebare. Me har vore på ikea og kjøpt masse ting som eldsteguten trong til den nye hybelen. Han plukka med seg tallerknar, koppar, glas og gryter. I tillegg til potetskrellar, ostehøvel, viep og ause fann han eit stort grønt sofateppe og store mengder blå telys. Me åt lunsj på kafeteriaen, og då me kom heim fann me fram eit babybilete av han og taizé-ikonet frå konfirmasjonen som han vil ta med seg. Eit portrett han teikna då han gjekk på barneskulen som eg likar så godt ville han definitivt ikkje ha med.

Eg har vore på handlerunde for onkelen min. Han er nærare åtti enn sytti og har i heile sitt vaksne liv brukt hårkrem. Eg vart send ut for å kjøpa wellaform hårkrem , som han ikkje har klart å få tak i i det siste, og eg tråla ei samling butikkar.

I den siste butikken sa dei at dei akkurat hadde slutta å selga hårkrem fordi ingen spør etter det lenger. Dei sjekka skuffene sine, men ingen tuber igjen. Menn i åttiårsalderen har truleg eit problem. Ingen lagar hårkrem til dei lenger. Eg hugsar i barndomen at hodeputer og stolryggar vart misfarga av hårkrem…
Kanskje sønene mine vil få eit liknande sjokk i åttiårsalderen når dei oppdagar at ingen produserer hårgelé og hårvoks lenger…

Ein liten svart kattunge prøver å adoptera oss, han er stadig inne i huset vårt og held til i garasjen når han blir kasta ut. Det er tydeleg at nokon eig han, for han går med halsband. Viss han framleis er her i morgon får me prøva oss med eit oppslag på butikken.

Då eg hadde fått meir enn nok av sjkaprydding ville eg ut på trimturen min. Kjærasten min slo følge og me enda opp hos Jan Ivar og Synneva. Der var det brødbaking på gang, og me vart inviterte til sein kveldsmat som varte til midnatt.

Og så gjekk me heim att i mørkret medan livet vart til august. Halvard hadde bakt medan me var ute og havregryns-sconsa står på kjøkkenbenken. Kjøkkenet ber preg av aktiviteten.

Det er deilig å ha ferie.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Sumaren er på hell, men eg gler meg alltid til hausten sjølv om denne hausten blir annleis. Vår førstefødde skal flytte til Narvik og det er langt heimafrå. Veldig rart….

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, det er merkeleg å skulla sleppa taket og leva utan dei.

  3. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Me landa i sol på Sola igår! Idag har eg fått ei aning om kva feriever det har vore i gamlelandet, så idag er fleecejakker og sokkar påkrevd! Håpar me kan møtast snart…har jo pakke til Ingrid:)

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Anytime :- Velkomen heim

Kommenter innlegget